Ferske nettbaserte distriktssjukepleiarar

35 nyutdanna sjukepleiarar fekk vitnemåla sine ved ei tilstelling på Bygland nyleg. Undervisning i form av videokonferansar og nettforelesingar samt praksisopplæring i nærmiljøet låste opp stengsler for utdanning – og har samstundes sikra kommunane kvalifisert arbeidskraft.

 Mange av dei ferske sjukepleiarane møtte fram til høgtida på Revsnes hotell. Her er dei saman med førstelektor Jørn Stordalen (til venstre), som har hatt det faglege ansvaret for dei gjennom tre år. I haust startar han med i ny gruppe sjukepleiarstudentar, som vil få sine eksamenspapir våren 2015. Foto: Setesdal regionråd / Marit Kvaale

Mange av dei ferske sjukepleiarane møtte fram til høgtida på Revsnes hotell. Her er dei saman med førstelektor Jørn Stordalen (til venstre), som har hatt det faglege ansvaret for dei gjennom tre år. I haust startar han med i ny gruppe sjukepleiarstudentar, som vil få sine eksamenspapir våren 2015. Foto: Setesdal regionråd / Marit Kvaale

«Dei 35 nyutdanna sjukepleiarane er pionerar som har vist veg, og Universitetet i Agder har i selskap med regionale styre og råd skapt noko som synest å vere direkte framtidsretta», konkluderar lokalavisa for Indre Agder – Setesdølen – på leiarplass.

Desentralisering realiserte draumen

Førstelektor ved sjukepleiarutdanninga ved Fakultet for helse- og idrettsvitskap, Jørn Stordalen, sto for utdelinga av bachelorvitnemåla. Han er koordinator for den desentraliserte sjukepleiarutdanninga, og går til hausten laus på eit nytt kull.

Fleire av studentane seier at dei ikkje hadde gjort dette om det ikkje var for at studiet vart gjennomført som desentralisert opplæring, i ei undersøking UiA har gjennomført. Tre år med utdanning i vaksen alder ville ikkje vore råd for mange om ikkje ordninga var fleksibel.

- Mange har ein draum om å ta meir utdanning, men det er ikkje alle som gjer noko med den draumen. De som har gjennomført dette 3-årige desentraliserte utdanningsløpet, kan i dag kjenne på følelsen av å ha meistra og greidd å realisere ei målsetting, sa ordførar i Lindesnes, Janne Fardal.

Koordinator for den desentraliserte sjukepleiarutdanninga, førstelektor Jørn Stordalen frå Universitetet i Agder, heldt tale til dei nyutdanna sjukepleiarane under festmarkeringa på Byglandsfjord. Foto: Setesdal regionråd/Marit Kvaale

Koordinator for den desentraliserte sjukepleiarutdanninga, førstelektor Jørn Stordalen frå Universitetet i Agder, heldt tale til dei nyutdanna sjukepleiarane under festmarkeringa på Byglandsfjord. Foto: Setesdal regionråd/Marit Kvaale

Gode resultat

I tillegg til Lindesnes har studentar frå Lister- og Setesdalsregionen deltatt i det desentraliserte utdanningssamarbeidet, skriv avisa Lindesnes.

– Det er ekstra moro at eksamensresultatet har blitt så godt, hakket betre enn for studentar som tar tilsvarande utdanning på tradisjonelt vis. Det heng nok saman med at de har gått rundar med dykk sjølve før de starta på dette. Difor har også motivasjonen vore svært god, sa Fardal.

Det er vaksne og målretta individ med motivasjon og læringsglede som har vore med på dette, kommenterer Setesdølen.

«Viktigast i denne samanhengen er likevel at prosjektet har lagt til rette for ei sjølvrealisering som også kjem heile distriktet til gode. Det er stadig mangel på både sjukepleiarar og anna helsepersonell. Difor er deltakarane nokså sikre på å få arbeid etter at utdanninga no er avslutta, og institusjonane i ulike delar av Agder får løyst sysselsettingsflokar med stadig meir kvalifisert og kompetent personale,» skriv Setesdølen – som også kan tenkje seg at andre utdanningar tek i bruk denne vellukka modellen for å skaffe både lærarar og førskulelærarar til distrikta.

Det desentraliserte studiet er gjennomført i nært samarbeid mellom Universitetet i Agder og dei tre regionane.

Sjukepleiarelevane har fått praktisk opplæring ved alders- og sjukeheimar i sitt eige nærområde. Den teoretiske delen av studiet har vore lagt til dei vidaregåande skulane på Byremo, Hornnes og Lyngdal med videokonferanse og andre tekniske løysingar for å få førelesingane ut i distrikta.

Samarbeidet mellom skulane og UiA er svært godt. Skulane har ikkje berre fungert som auditoriar for overføring av videokonferanse-undervisninga frå Kristiansand, men har også vore viktige møteplassar til gruppearbeid og fagleg arbeid elles.

Dei tekniske vanskane som studentar og forelesarar har streva med, er skulane med på å løyse, både praktisk og med kjøp av utstyr.

Sørlandets kompetansefond støtter også tilbodet.

Jobbtilbudene står i kø for denne gjengen som har hatt samlingssted i Byremo videregående skole. Fra venstre forteller Øyvind Nordstrøm fra Konsmo, Stine Tomine Vigmostad fra Konsmo, Heidi Hobbesland fra Eiken, koordinator for desentralisert sykepleierutdanning, førstelektor Jørn Stordalen og Solvår Ougland fra Konsmo.

Jobbtilbudene står i kø for denne gjengen som har hatt samlingssted i Byremo videregående skole. Fra venstre forteller Øyvind Nordstrøm fra Konsmo, Stine Tomine Vigmostad fra Konsmo, Heidi Hobbesland fra Eiken, koordinator for desentralisert sykepleierutdanning, førstelektor Jørn Stordalen og Solvår Ougland fra Konsmo.

100 vil bli sykepleier med desentraliserte studier

100 vil bli sykepleiere med UiAs tilbud om heltidsstudier i distriktet som førstevalg. Det er 2,5 søkere til hver av de 40 studieplassene. Lister-regionen har flest søkere.

Sykepleierutdanning med normal studieprogresjon og desentralisert undervisning er åpenbart populært. Blant kvinner – det er 96 kvinner og 4 menn i søkerbunken.

- Mange søker på basis av realkompetanse, forteller opptaksleder ved UiA, Ronny Løkås.

Samme tempo som campus-studenter

De desentraliserte studiene følger samme opplegg som de ordinære sykepleiestudiene ved UiAs campuser i Kristiansand og Grimstad. Forelesningene er også de samme, forskjellen er bare at distriktsstudentene følger med på egen PC eller på større skjermer på samlingsstedet.

I tillegg får de veiledning av faglærere på samlingsstedene, og har egen koordinator for distriktsstudiene i førstelektor Jørn Stordalen fra Institutt for helse- og sykepleievitenskap.

I vår går et kull med 35 ferske sykepleiere ut etter tre år på skolebenken hjemme i stua eller på samlingsstedene på Byremo, Hornnes eller i Farsund. Fra høsten er et nytt kull i gang.

- Og alle blir ringt etter med tilbud om jobb, helst med start umiddelbart, forteller Øyvind Nordstrøm, Stine Tomine Vigmostad, Heidi Hobbesland og Solvår Ougland, som får sin bachelor som sykepleiere i disse dager.

God spredning på søkerne

I statistikken over søkerne står en tredjedel uten oppgitt poststed, mens en tredjedel har postadresse i Lister-området. Mellom fem og ti sogner – i hvert fall etter postnumrene – til henholdsvis Hornnes og Byremo. Resten kommer fra hele Sør-Norge, men flest fra Aust- og Vest-Agder: Kristiansand, Mandal, Lillesand, Søgne, Holum og forskjellige adresser rundt Arendal.

Aldersspredningen er også god, fra åtte 19-åringer som formodentlig søker rett fra videregående skole, til 23 søkere som er 40 år eller eldre.

Ved opptaket skal studenter fra kommunene Lindesnes, Mandal, Audnedal, Åseral, Marnardal, Flekkefjord, Kvinesdal, Lyngdal, Sirdal, Hægebostad og Farsund i Vest-Agder og Setesdalskommunene: Bykle, Valle, Bygland og Evje og Hornnes i Aust-Agder prioriteres.

Men først blir søknadene gjennomgått og vurdert av Opptakskontoret ved UiA. For de som slipper inn må tilfredsstille kravene til studiekompetanse – enten det er med rent teoretiske fag eller en blanding av teori og praksis.

Svaret på hvem som får tilbud om å begynne på de desentraliserte sykepleiestudiene får vi litt lenger utpå sommeren. I mellomtiden kan vi glede oss over at frafallet er lite blant de som begynner på studiet. Og at arbeidsgiverne står i kø for å tilsette den attraktive arbeidskraften når de er klare for å begynne i jobb.


Publisert av Tor Martin Lien <tormartin.lienSPAMFILTER@uia.no> 18.07.2012
Sist oppdatert 18.07.2012
Del/Tips: Printfriendly version

Kommentarer