– Spennande praksis

– Eg har nett vore i praksis og det er utruleg spennande, seier Marthe Ekerhaugen(19).
Marthe Ekerhaugen, lærerutdanning, Universitetet i Agder. Foto: Olav Breen

– Eg hadde eigentleg ikkje tenkt å bli lærar, men angrar ikkje eit sekund!

Marthe kjem rett frå vidaregåande skule på Lillehammer. Der gjekk ho helsefag og tenkte ei stund på å bli sjukepleiar.

– Både helsefag og læraryrket handlar om å forhalde seg til andre menneske. Vi lærer mange grunnleggjande ferdigheiter som er nyttige i andre samanhengar òg, seier 19-åringen som har merka overgangen frå vidaregåande skule.

– Det er meir lesing på universitetet, men det er morosamt. Det er eit veldig godt fellesskap på studiet og eg gler meg skikkeleg til å dra til campus kvar dag, seier Marthe som ikkje hadde forventa eit så samanspleisa miljø på eit universitet.

– Eg kjende ingen her frå før, så eg var ærleg talt litt nervøs første dagen! Men fadderordninga hjelpte veldig, og dei fleste vennene eg har no, fekk eg gjennom faddergruppa. Studentane er så opne her, og det er lett å få venner og hjelp til ting, forklarer ho.

Les mer:
> Grunnskolelærerutdanning, 4-årig
> Grunnskolelærerutdanning, 5-årig master
> Se alle lærerutdanninger

Publisert av Øyvind Andreas Strømme <oyvind.a.strommeSPAMFILTER@uia.no> 31.03.2011
Del/Tips: Printfriendly version

MARTHE EKERHAUGEN

> 19 år
> Fra Lillehammer
> Går grunnskolelærerutdanning, 1. - 7. trinn, ved Universitetet i Agder