– Spennande og utfordrande
– Samfunnskommunikasjon handlar ikkje berre om å skrive pressemeldingar, men om heile kampanjar og alt ein må ta omsyn til for å nå fram med bodskapen sin i mediekvardagen, fortel Lars Inge.
Han meiner studiet så langt har vore eit naturleg framhald frå bachelorgraden han har i samfunnsendring og kommunikasjon.
– Eg synes masteren i samfunnskommunikasjon er eit spennande og utfordrande studium som kombinerer kommunikasjon og samfunnsforståing på ein god måte, slår han fast.
Lars Inge har teke eit semester i utlandet, gjennom UiA si utvekslingsordning med University of California, Berkley, og meiner det var ei nyttig erfaring. 23-åringen fra Heskestad i Rogaland trivst likevel best i Kristiansand.
– Det er er ein grunn til at eg har blitt verande her. Det er noko med mentaliteten til folk – dei er positive og opne, meiner han.
Les meir:
> Samfunnskommunikasjon, master
Lars Inge Leirflåt:
> 23 år
> Frå Heskestad i Rogaland
> Studerar samfunnskommunikasjon, master
> Har tidlegare studert samfunnsendring og kommunikasjon, bachelor



