Seriøs moro
– Mange tenkjer kanskje at det å jobbe som førskulelærar berre handlar om å passe på born, men når ein begynner på studiet, får ein sjå at det er mykje meir enn det. Ein må vere god til å omgåast menneske, både når det gjeld borna, foreldre og kollegaer. Ein må ha kunnskap om ulike aktivitetar for ungane. Det er jo den måten dei lærer på, seier Eline, som er i sitt andre år som førskulelærarstudent på Campus Grimstad.
Tøft studium
Hun poengterer at kvardagen som førskulelærarstudent betyr mykje arbeid.
– For det første er det er mykje pensum ein skal gjennom. Gjennom studiet må ein ofte gå djupt i seg sjølv og reflektere over det ein lærer og korleis ein sjølv handlar. Det kan vere litt tøft til tider.
Noko av det Eline set mest pris på ved studiet, er å få sjå teorien utprøvt i praksis.
– Vi får verkeleg sjå samanhengen mellom det vi lærer i teorien, og det som skjer ute i praksis. Kvart halvår har vi ein månad med praksis i ein barnehage, og då får vi prøvt ut i verkelegheita det som vi har gjennomgått og lært på forelesingane.
– Vi blir godt mottekne i barnehagane. Dei er glade for å ha studentar hos seg, og dei legg seg verkeleg i selen. Praksisbarnehagane vil gjerne vere oppdaterte. Så vi lærer av dei, og dei lærer kanskje litt av oss òg, seier ho.
Dedikerte forelesere
At Grimstad skulle bli studieplassen, var litt tilfeldig.
– Kjærasten min studerer her, og eg hadde òg høyrt mykje bra om Grimstad som studieplass. Vi er berre éin førskulelærarklasse her, og miljøet er veldig bra. Vi har god kontakt alle saman, og det er alltid nokon å få hjelp av. Det er trygt å kunne prøve seg fram på campus før ein skal ut i jobb.
Og Eline skryter gjerne litt av forelesarane òg.
– Dei er alltid opne for spørsmål. Mange av dei har jobba i barnehage og har gode eksempel frå verkelegheita. Dei er kort sagt opptekne av at vi skal bli gode førskulelærarar og å vise oss kor viktig førskulelæraryrket er.
Les om studiet:
> Førskolelærerutdanning, bachelor
Les også:
> Om Campus Grimstad
> Om Campus Kristiansand
Eline Tunheim
> 21 år
> Frå Moi i Rogaland
> Student på førskolelærerutdanningen ved Universitetet i Agder
Eline om førskolelæraryrket:
"Ein må vere god til å omgåast menneske, både når det gjeld borna, foreldre og kollegaer"
Eline om praksis i utdanningen:
"Vi får verkeleg sjå samanhengen mellom det vi lærer i teorien, og det som skjer ute i praksis"
Eline om forelesarane:
"Dei er kort sagt opptekne av at vi skal bli gode førskulelærarar og å vise oss kor viktig førskulelæraryrket er"



