Musikkstudentane har flytta inn på campus
– Det var eit kick å gå gjennom bygget første gong! Studio er utruleg, det er ei rekkje øvingsrom og konsertsalen er perfekt. Alle som driv med musikk må berre ønskje å gå her, for fasilitetane har blitt så bra, seier vokalisten som studerer utøvande rytmisk musikk.
Musikalsk variert studium
Saman med dei andre studentane i utøvande musikk har han fram til no halde til i Musikkens hus i Kristiansand sentrum.
– Eg er veldig glad for at vi no er blitt ein del av campus, og håper vi kan medverke på ein positiv måte i studentmiljøet. Før har vi vore ein eigen gjeng, men no blir vi mykje meir integrert i studentmiljøet på campus, der alle er samla, seier han.
Han fortel at dei store forventningane han hadde før han starta på studiet, har innfridd.
– Studiet er musikalsk variert, og det likar eg godt. I emnet samspel blir vi plasserte i grupper som arbeidar med ulike musikalske sjangrar kvart semester. Det er så mykje ein kan lære av andre, og her møter ein utruleg mange med god peiling på sine eigne sjangrar. Lærarane gir god oppfølging med både ros og konstruktiv kritikk. Dei har alltid passa på å pushe oss vidare, opp og fram, fortel sunnmøringen som har artistnamnet “Marius Sol”.
Ute med plate
I vår reiser han på turné med eigenprodusert EP. Han takkar Kristiansand og UiA for den musikalske utviklinga på vegen til produserande artist.
– Det var etter eg starta på UiA, eg byrja å skrive låtar, og det viser seg no å vere noko av det eg er best på. Det eg produserer no, er på ein måte eit resultat av åra mine her på UiA, fortel han.
Kristiansand = konsertby
Marius trivst i byen, og med nykjøpt bustad, er det ingenting som tyder på at han skal flytte etter studia.
– Konsertlivet i Kristiansand har teke seg vesentleg opp og har mykje musikalsk å by på. Det er nok litt av grunnen til at eg blir verande. Konsertbyen Kristiansand er etablert!
Les meir:
> Utøvende musikk, bachelor
> Utøvende musikk, master
> Se alle musikkstudier
Marius Solevågseide:
> 26 år
> Frå Sunnmøre
> Studerar utøvande rytmisk musikk ved Universitetet i Agder
> Opptrer med artistnamnet "Marius Sol"
Marius om musikkmiljøet:
"Ein kan lære så mykje av andre, og her møter ein utruleg mange med god peiling på sine eigne sjangrar"
Marius om dei nye lokala:
"Alle som driv med musikk må berre ønskje å gå her!"
Marius om artistkarrieren:
"Det eg produserer no, er på ein måte eit resultat av åra på UiA"



