Frå skulelei til sivilingeniør
– For å vere ærleg la eg ikkje ned så mykje innsats på vidaregåande skule, og såg for meg at det ville bli tøft å ta til som student. Derfor jobba eg veldig hardt med studia i oppstarten, og det har eg bygd vidare på sia. Å studere noko eg var interessert i, gjorde meg motivert, og då blei også innsatsen god, fortel sandefjordingen. No tek han master i industriell økonomi og teknologileiing.
– Diggar studentmiljøet
– “IndØk” er vanskelegare, men enda gøyare enn dataingeniørstudiet. Alle på studie ter allereie ingeniørar, så fokus er ikkje på det tekniske, men på område som leiing, logistikk, berekningar og økonomi, fortel han. Simen poengterar at høgre utdanning kan representere ein ny start, der ein endeleg får høve til å studere noko ein verkeleg interesserer seg for. At han vart student akkurat ved UiA, var likevel litt tilfeldig.
– Eg hadde interesse for data, og ein kamerat som studerte her, tipsa meg om at Grimstad og UiA var bra, seier Simen som er veldig glad for at han søkte.
– Eg diggar studentmiljøet her, og ein blir rett og slett glad av å gå inn på campus når det er så nytt, ope og fint.
– Lønner seg å gjere ein innsats
Ved sida av gode resultat i studia, har han fått tid til å leie både fadderordninga i Grimstad og linjeforeininga til datastudentane. I desse verva har han hatt ansvaret for fleire arrangement på campus, mellom anna oppstarten av datapartyet Betalan på Bluebox, som vart ein stor suksess. I fjor fekk Simen ei utmerking frå Institutt for IKT. Prisen fekk han for å vere ”ein pådrivar for så vel fagleg som sosial aktivitet”.
– Eg blei jo veldig glad – kan ikkje leggje skjul på det! Det lønner seg vel å gjere ein innsats då, seier 23-åringen, som held fram med studentengasjement som nestleiar i linjeforeininga for studentane på Industriell økonomi og teknologileiing, “IndØk Sør”.
Våren 2012 er Simen også plukket ut som ein av dei 12 utvalgte studentane i Talentjakten som koplar talentfulle studentar og næringsliv på Sørlandet.
> Følg Simen i Talentjakten her
Les meir:
> Industriell økonomi og teknologileiing (master)
> Ingeniørfag, data (bachelor)
> Sjå alle ingeniørstudie
Simen Roverud:
> 23 år
> Frå Sandefjord
> Studerer industriell økonomi og teknologileiing ved Universitetet i Agder
> Har gjennomført bachelor i data, ingeniørfag, ved UiA
Simen om overgangen frå vidaregåande:
"Å studere hobbyen min gjer meg motivert, og då vert også innsatsen god"
Simen om den nye campusen:
"Ein vert rett og slett glad av å gå inn på campus når det er så nytt, ope og fint"



