– Blir betre av å lyfte kvarandre fram

– Det er mange flinke studentar på masterprogrammet i økonomi og administrasjon. Og vi hjelper kvarandre fram, seier Henrik Johansen Forsstrøm.
Henrik Johansen Forsstrøm, økonomi, Universitetet i Agder. Foto: Iris Engen Skadal

Han meiner det er mange målretta studentar, men opplever tevlinga som sunn og motiverande.

– Ein blir endå betre på eit fagfelt ved å lære bort til andre, seier haldensaren, som no er inne i sitt andre år på studiet.

- Dyktige og interesserte forelesarar

Henrik skldrar forelesarane som dyktige, og er overraska over kor låg terskelen er for å komme på kontoret deira og be om hjelp.

– Dei viser tydeleg interesse for at vi skal gjere det bra. Studentforeininga Mercurius og fadderordninga sørgjer for at vi blir samanspleisa frå dag éin, òg på tvers av årssteg, held han fram.

Mjuk start - hardt arbeid

23–åringen meiner fadderordninga og innføringskurs gir studentane ein mjuk start, men at dei deretter må arbeide hardt for å lukkast.

– Vi får ikkje noko gratis – og slik skal det vere. For dei fleste er det sjølvsagt å møte opp til forelesingane. Eg lever og andar på campus. Det er perfekt at alt er samla på så korte avstandar, og ein kan jo omtrent ikkje gå frå biblioteket til kantina utan å seie hei til 15 menneske!

Henrik har óg vore med på å starte ei ny studentforeining.

– Eg sakna ei studentforeining for sykkelinteresserte, så då starta vi like godt det.

Utveksling til Sør-Afrika

Siste semester var han på utveksling til Sør-Afrika.

– Det var heilt suverent, og kan verkeleg tilråast! Det er perfekt å bryte litt opp i rutinane etter halvanna år, og så komme tilbake og fortsetje med dei siste tre åra, seier Henrik.

Les meir:
> Økonomi og administrasjon, 5-årig master (siviløkonom)
> Økonomi og administrasjon, 2-årig master
> Økonomi og administrasjon, bachelor (både Kristiansand og Grimstad)

Publisert av Øyvind Andreas Strømme <oyvind.a.strommeSPAMFILTER@uia.no> 06.02.2012
Del/Tips: Printfriendly version

Henrik Johansen Forsstrøm:

> 23 år
> Frå Halden
> Økonomistudent ved Universitetet i Agder

Henrik om studentmiljøet:

"Studentforeininga Mercurius og fadderordninga sørgjer for at vi blir samanspleisa frå dag éin"

Henrik om sunn tevling:

"Ein blir endå betre på eit fagfelt ved å lære bort til andre"