- Attraktiv spisskompetanse
– Historikarar trengs i dei fleste bransjeområde, og bør difor velje eit satsingsfelt allereie i utdanningsfasen. Slik skaffar ein seg spisskompetanse, og vert meir attraktiv på jobbmarknaden, meinar 28-åringen frå Kristiansand.
Sjølv har ho strategisk peila seg inn mot olje- og bemanningsbransjen både på bachelor- og masternivå, og er ikkje i tvil om at det har levert gode resultat. Masteroppgåva om oljehistorie var ikkje ein gong levert, før draumejobben i Aker brått banka på døra.
– Eg jobba tre år i Adecco før eg tok masteren i historie, og fekk såleis bli kjend med arbeidslivet før eg tok dei aller viktigaste vegvala. Jobberfaringa gjorde det lettare å finne ut kvar eg høyrde heime, fortel Elisabeth vidare.
Ho har som mål å bli ekspert innanfor sitt eige nisjeområde.
– Det er slik ein skapar sine eigne moglegheiter, legg ho til.
Les mer:
> Master i historie, studiebeskrivelse
Se også:
Hva kan du bli?
De fire mest vanlige karriereveiene for masterstudenter i historie.
> Les mer
Elisabeths råd:
"Historikarar trengs i dei fleste bransjeområde, og bør difor velje eit satsingsfelt allereie i utdanningsfasen"



