Norsk 2
Studiet organiserast som fjernundervising på deltid med ein studieprogresjon på 15 sp per semester. Det er 2 fysiske samlingar kvart semester.
Målgruppe
Studiet er primært for lærarar som underviser i norsk på ungdomssteget.
Opptakskrav
Godkjent lærarutdanning
Anbefalte forkunnskapar
Norsk 1, 30 studiepoeng
Generelt om studiet
Kurset er lagt opp med to hovudsiktemål. For det første blir studentane oppdaterte på sentrale felt i faget som har vore i særleg sterk utvikling dei seinare åra. Dette gjeld ikkje minst slikt som har med lesing og lesestrategiar å gjere, arbeid med samansette tekstar og tilhøve kring norsk som andrespråk. For det andre gir kurset solid bakgrunn i tradisjonelle fagemne innan språk og litteratur som er vektlagde i norskplanen for ungdomssteget: tekstlesing og litteraturhistorie, talemålskunnskap, språkhistorie og språkendring.
Arbeidsformer
Den nettbaserte delen av kurset blir lagt opp med videooverførte førelesingar og skriftleg materiale. Studentane leverer og får respons på oppgåver, som blant anna skal knytast til ulike former for utprøving på eigen skule. Det blir også etablert eit diskusjonsforum. Til kommunikasjon mellom studentane og universitetet vil Classfronter eller tilsvarande LMS bli brukt.
Samlinger
Det arrangeres to samlinger á to dager per semester på UiA, Kristiansand. Høstsemesteret 2012 er samlingene til følgende tidspunkt:
- samling: 6.- 7. september
- samling: 25.-26. oktober
Vilkår for å gå opp til eksamen
Godkjent frammøte på samlingane (minst 80%)
Godkjende obligatoriske arbeid i form av korte skriftlege refleksjonar om fag og fagdidaktikk, deltaking i diskusjonsforum og gruppearbeid, til saman fire innleveringar/møtepunkt i modul A, og tre i modul B.
Eksamen
Norsk 2-A (15 sp): Skriftleg 6-timars eksamen med gradert karakter
Norsk 2-B (15 sp): Praksisretta fagdidaktisk oppgåve og munnleg eksamen, begge med gradert karakter.
Skriftleg eksamen i dei to modulane (A og B) skal skrivast på ulike målformer.
Korleis kan ein søkje?
Dersom du ønskjer å ta vidareutdanning gjennom "Kompetanse for kvalitet" må du først snakke med rektor på skulen din om du kan delta. Etter at du har avklart dette, kan du søkje om opptak.
Nærmere informasjon og opptak se nettsidene til utdanningsdirektoratet www.udir.no/videreutdanning
Studiekatalogen finner du her.



