Studiehåndbok 2010-11

Del/Tips: Printfriendly version

Nordisk språk og litteratur, masterprogram

Påbyggingsstudium - 120 Studiepoeng - 2 år - Kristiansand

MASTNOR

Mastergradsstudiet byggjer på avlagt cand. mag.-grad eller bachelorgrad med bestått mellomfagseksamen eller nordisk fordjuping med minst 80 studiepoeng nordisk språk og litteratur. Av desse 80 poenga skal minimum 30 poeng vere avlagde i språklege emne og minimum 30 poeng i litterære. Ein kan ikkje byggje mastergradsstudiet på eit reint språkleg eller eit reint litterært fordjupingsfag i bachelorgraden. Minst 20 studiepoeng skal vere på påbyggingsnivå. Studentar med bachelorgrad i litteratur eller kommunikasjon kan komme inn på mastergraden under visse vilkår. Det kan fastsetjast særskilde forkunnskapskrav i samband med einskilde emnekrinsar.

Mastergradsstudiet er på til saman 120 sp, sett saman slik:
- eit obligatorisk fellesemne (15 sp)
- tre valfrie emnekrinsar (à 15 sp, i alt 45 sp)
- mastergradsoppgåva (60 sp)

Fellesemnet inneheld:
- faghistorie
- vitskapsteori
- språkvitskapleg og litteraturvitskapleg basisteori

Emnekrinsar
Dei tre valfrie emnekrinsane skal representere klart åtskilde disiplinar i faget. Dei kan veljast fritt innafor nordisk litteratur eller språk, eller dei kan utgjere kombinerte emne, men ein rår til å ta utgangspunkt i instituttets undervisningstilbod. Eit emne kan knyte seg til mastergradsoppgåva. Det blir normalt tilbode undervisning både i språklege og litterære emnekrinsar kvart semester. Dei emnekrinsane som det vil bli tilbode undervisning i, blir presenterte ved særskilde emnebeskrivingar før semesteret startar.

Mastergradsoppgåve
Mastergradsoppgåva skal vere eit sjølvstendig arbeid, utført i samråd med ein oppnemnd rettleiar. Oppgåva kan vere individuell eller del av eit samarbeidsprosjekt. Instituttet kan hjelpe til med å formulere problemstillingar for oppgåva. Studentane får tildelt rettleiar på grunnlag av ei prosjektbeskriving. Omfanget av mastergradsoppgåva er normalt 80-120 maskinskrivne sider.

Emnetilbod hausten 2009
Hausten 2009 blir det gjeve undervisning i fellesemnet og i to emnekrinsar, éin språkleg og éin litterær. Undervisninga går for det meste føre seg i seminar.

Studieplanramme: 2010

2010
1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13
1sem
haust
NO-400-1
Fellesemne
15 sp

Emnekrins 1 *
15 sp
2sem
vår
NO-500-1
Mastergradsoppgåve
60 sp

Emnekrins 2 **
15 sp
3sem
haust
Array

sp
NO-501-1
Emnekrins 3, held fram neste semester
7,5 sp
4sem
vår
NO-501-1
Emnekrins 3
7,5 sp

* Emnekrins 1:
Vel mellom
NO-401 Emnekrins 1, språk
eller
NO-403 Emnekrins 1, litteratur

** Emnekrins 2:
Vel mellom
NO.402 Emnekrins 2, språk
eller
NO-404 Emnekrins 2, litteratur

Studentane skal ha tileigna seg:
- breid innsikt og omfattande kunnskapar innan delar av fagområdet nordisk
- djuparegåande kunnskapar om særskilde delar av faget gjennom temastudium i språk- eller litteraturvitskap («emnekrinsar»)
- generelle kunnskapar om vitskapleg teori og metode
- kjennskap til grunnleggjande, fagspesifikke vitskaplege problemstillingar
- generell kunnskap om fagets historie, tradisjonar og eigenart

Vidare skal studentane ha utvikla sjølvstendige og kritiske haldninger til vitskapleg grunnmateriale og framstillingsform. Dei skal kunne nytte vitskapleg teori og metode til å gjennomføre eit forskingsprosjekt (60 studiepoeng) under rettleiing, og dei skal kunne nytte si faglege innsikt i nye situsjonar.

Forelesingar og seminar.
Mastergradsoppgåva NO-500-1) er eit sjølvstendig arbeid under rettleiing.

NO-400-1 Fellesemne blir avslutta med ein individuell heimeeksamen som tel 12,5 % av endeleg karakter. Kvar av eksamenane i emnekrinsane tel også 12,5 % av endeleg karakter. For emnekrinsane nyttar ein varierte eksamensformer, sjå emnebeskrivingane.

Mastergradsoppgåva og skriftleg skoleeksamen i emnekrins 1 skal vere skrivne på ulike målformer. Karakteren på mastergradsoppgåva tel 50 % av endeleg karakter og blir ført separat på vitnemålet.

Det blir gjeve høve til studieopphald i eit av dei nordiske landa i delar av mastergradsstudiet. Eksamen frå utlandet kan erstatte éin til to av emnekrinsane (etter førehandsgodkjenning). Ein kan søkje om å få delar av eksamenar frå andre mastergradsstudium i nordisk innpassa i studiet.

Eksamen i NO-400-1 Fellesemne må vere avlagd før eller avleggjast i same semester som med første emnekrinseksamen.

Studiet gjev grunnlag for å arbeide med norsk og nordisk språk og litteratur først og fremst i undervisning og forsking, men også på andre område der ein krev gode kvalifikasjonar i norsk språk, og der litteratur blir produsert og formidla. Dei kvalifikasjonane ein får gjennom mastergradsstudiet i nordisk språk og litteratur, gjev yrkesmoglegheiter i forlagsverksemder, medium, reklamebransjen, bibliotek og andre kulturinstitusjonar og den offentlege forvaltninga. Det gjev også moglegheiter for ulike typar arbeid med formidling av norsk og nordisk språk og litteratur i utlandet.

Master i nordisk språk og litteratur.

Studiehåndbok Universitetet i Agder 2010-11