NO-122-D1 Norsk 1, med vekt på emner relatert til undervisning på ungdomstrinnet (modul 2)

Allmennlærerutdanning Grimstad ,

Etter endt emnestudium skal studentane
- ha tileigna seg fagleg og fagdidaktisk kompetanse, sosial kompetanse, endrings- og utviklingskompetanse, yrkesetisk kompetanse og leiarkompetanse
- kunne planleggje, gjennomføre og vurdere undervisningsopplegg som tek utgangspunkt i "Læreplan i norsk" slik det er beskrive i Kunnskapsløftet
- kunne gjere greie for og drøfte fagdidaktiske problemstillingar
- vise innsikt i kva for roller og funksjonar norskfaget har i skole, kultur og samfunn, både i historisk perspektiv og i samtids- og framtidsperspektiv
- kunne trekkje norskfaglege emne inn i eit globalt og tverrkulturelt perspektiv.

Modul 2 er relatert til undervisning på ungdomstrinnet, men vektlegg og tileigning av grunnleggjande kunnskapar ein må ha for å kunne arbeide som lærar i norsk på alle trinn i grunnskolen.

Emnet inneheld desse tema
- fagets eigenart, legitimering og utvikling
- læringsforløp og tilpassa opplæring
- munnleg og skriftleg bruk av språket
- språket som system og språket i bruk
- språkdidaktikk
- barne- ungdomslitteratur
- litteraturdidaktikk og teksthistorie
- bruk av samansette tekstar og IKT i norskfaget
- yrkesretting

Emnet er lagt opp med ulike undervisningsformer: førelesingar, seminar, vegleiing i grupper og individuelt. Det blir lagt vekt på studentaktive arbeidsformer, bl.a. prosjektarbeid, gruppearbeid og munnlege framlegg. Det er obligatorisk frammøte i samband med praksis, praksisførebuing, praksisoppfølgjing og prosjektarbeid. I studiet skal studentane bruke IKT.

I løpet av emnet NO-122-D1 skal studentane levere to skriftlege arbeid, eitt om eit språkleg emne og eitt om eit litterært emne. Kvar student skal i løpet av emnene NO-121-D1 eller NO-122-D1, aleine eller saman med andre studentar, ha ansvar for ein munnleg presentasjon av eit emne i språk eller litteratur.

Vilkår for å kunne gå opp til eksamen
- bestått eksamen i modul 1
- godkjende skriftlege arbeid (eitt i språk og eitt i litteratur)
- godkjent arbeid med elevtekstar
- godkjent munnlegg framlegg (anten i NO-121-D1 eller i NO-122-D1)
- godkjend praksis

Munnleg eksamen. Gradert karakter.

Nei.

Fakultet for humaniora og pedagogikk

Studiehåndbok Universitetet i Agder 2010-11