NO-122-1 Norsk 1, med vekt på emner relatert til undervisning på ungdomstrinnet (modul 2)

Allmennlærerutdanning

Etter endt emnestudium skal studentane
- ha tileigna seg fagleg og fagdidaktisk kompetanse, sosial kompetanse, endrings- og utviklingskompetanse, yrkesetisk kompetanse og leiarkompetanse
- kunne planleggje, gjennomføre og vurdere undervisningsopplegg som tek utgangspunkt i "Læreplan i norsk" i LK06 (Kunnskapsløftet)
- kunne gjere greie for og drøfte fagdidaktiske problemstillingar
- vise innsikt i kva for roller og funksjonar norskfaget har i skole, kultur og samfunn, både i historisk perspektiv og i samtids- og framtidsperspektiv
- kunne trekkje norskfaglege emne inn i eit tverrkulturelt perspektiv

Modul 2 er relatert til undervisning på ungdomstrinnet, men vektlegg og tileigning av grunnleggjande kunnskapar ein må ha for å kunne arbeide som lærar i norsk på alle trinn i grunnskolen.

Studentane skal i emnet arbeide med desse temaa:
- læringsforløp og tilpassa opplæring
- munnleg og skriftleg bruk av språket
- språket som system og språket i bruk
-lese- og skriveopplæring
- barne- ungdomslitteratur
- litteraturformidling og lesestimulering
- bruk av samansette tekstar og IKT i norskfaget
- yrkesretting

Emnet er lagt opp med ulike undervisningsformer: førelesingar, seminar, arbeid i grupper med rettleiing. Det blir lagt vekt på studentaktive arbeidsformer, mellom anna. prosjektarbeid, gruppearbeid og munnlege framlegg. Det er obligatorisk frammøte i delar av undervisninga,mellom anna i samband med praksis, praksisførebuing, praksisoppfølging og prosjektarbeid. I studiet skal studentane bruke IKT.

- bestått eksamen i NO-121

-deltaking i obligatorisk undervisning og godkjende obligatoriske arbeid som går fram av oversikt levert ved semesterstart

-godkjend praksis

Munnleg eksamen. Gradert karakter.

Nei.

Fakultet for humaniora og pedagogikk

Studiehåndbok Universitetet i Agder 2010-11