Studiehåndbok 2009-10

Del/Tips: Printfriendly version

Norsk 3, påbyggingsstudium

Påbyggingsstudium - 30 Studiepoeng - 1 semester - Kristiansand

NOR3-30

Bestått Norsk 1 og minimum 15 studiepoeng i Norsk 2.

Norsk 3 gjev fordjuping i nordisk og litteratur og byggjer videre på den kunnskapen som allmennlærarstudenten har fått i norsk som danningsfag, som estetisk fag og som språkfag gjennom det obligatoriske norskfaget i allmennlærarutdanninga og gjennom studiet av emna i Norsk 2. Emna som blir tilbodne, kan byggje vidare på emne frå tidlegare, eller dei kan ha ein meir sjølvstendig profil. Det nordiske perspektivet blir vektlagt sterkare i Norsk 3.

Norsk 3 (30 studiepoeng) må takast som fulltidsstudium om våren. I studiet skal det inngå totalt tre emne, kvart på 10 studiepoeng. Emnet NO-205 (Nordiske språk og grannespråksundervisning) er obligatorisk. Vidare skal studentane velje to andre emne mellom dei påbyggingsemna det blir gjeve tilbod om.

Studieplanramme: 2010

2010
1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13
1sem
vår
NO-205-1
Nordiske språk og grannespråksundervisning
10 sp
Valemne

20 sp

*Vel 20 studiepoeng mellom følgjande emne:

-LIT201: Tekster om traumer (10 sp)

-NO-207: Emnestudium i nordisk språk (10 sp)

-NO-208: Emnestudium i nordisk litteratur (10 sp)

Studentane skal, gjennom dei tre emna studiet er sett saman av, ha vidareutvikla sin faglege og fagdidaktiske kunnskap og kompetanse. Dei skal få auka sin eigen refleksjon over munnleg og skriftleg bruk av språket i ulike kommunikasjonssituasjonar, i skolen og i ulike media.

Førelesingar og seminar.

Studentar som tek Norsk 3 som del av det tredje året i allmennlærarutdanninga, skal ha obligatorisk fagpraksis i to veker. Praksisen blir lagt inn som ein komponent i emnet NO-205. Etter praksis skriv studentane ein praksisrapport som må vere godkjend før ein kan gå opp til avsluttande eksamen i dette emnet. Studentar som tek Norsk 3 som del av det fjerde året i allmennlærarutdanninga, og andre studentar, skriv eit fagdidaktisk/praksisorientert FoU-arbeid på same tid som dei andre studentane i emnet NO-205 er ute i praksisen sin. Faglærarane i emnet kjem med framlegg om emne for FoU-arbeidet, som skal utførast individuelt eller i gruppe.

Ved evalueringa i dei tre emna blir det lagt vekt på fagkunnskapar og evne til å nytte kunnskapane gjennom problemløysing, på evne til å reflektere over fagleg formidling og på sjølve framstillingsforma. Dei tre emna som samla sett vil utgjere Norsk 3, har varierte evalueringsformer (sjå emnebeskrivingane). Alle emna blir vurderte med gradert karakter. På vitnemålet for Norsk 3 tel karakteren for dei tre emna likt.

Tek ein Norsk 2 og Norsk 3 i tredje året i allmennlærarutdanninga, kan ein starte på det første året i masterstudiet i det fjerde året og få mastergraden etter ei samla studietid på fem år. Med Norsk 3 eller mastergrad får ein eit svært solid fagleg grunnlag for å vere norsklærar, eller for å arbeide med formidling av norskfaget og kunnskap om språk og tekst i andre yrkessamanhengar.

Studiehåndbok Universitetet i Agder 2009-10