- StudentWeb
- Søknad og opptak
- Studiehåndbok
- Eldre studiehåndbøker
- Rammeplaner
- Utdanningsplan
- Semesterregistrering
- Klage
- Studentplikter
- Kildebruk
- Timeplaner
- Pensumlister
- Fronter
- Godkjenning / fritak
- Enkeltemne
- Permisjon og sluttmelding
- Selvvalgt bachelor
- Karaktersystemet
- Akademisk kalender
- Begreper
- Politiattest
- Ulykker som involverer studenter
- Utgifter ifm. praksis
- Skikkethet
- Studieevaluering
- Læringsmiljøutvalget
- Lover og forskrifter
Studiehåndbok 2009-10
Norsk 2, halvårsstudium
Påbyggingsstudium - 30 Studiepoeng - 1 semester - Kristiansand
NOR2-30
Bestått eksamen i Norsk 1.
Studiet har som mål å auke den faglege og didaktiske kompetansen i arbeidet med språk og tekstar, samstundes som det gjev høve til fordjuping på visse område. Studiet skal gje ein god fagleg og fagdidaktisk ballast for å takle nokre av dei faglege og pedagogiske utfordringane som møter norsklæraren i skolen. Særleg blir det lagt vekt på å syne korleis fordjuping i ein spesiell tematikk i fagstoffet kan gje grunnlag for å vekkje interesse for og stimulere dei sentrale ferdigheitene lesing og skriving hos elevane, og på å syne korleis arbeid med samansette tekstar kan styrke elevanes tekstkompetanse, opne for ulike læringsstrategiar og stimulere til bruk av digitale verkty.
Norsk 2 skal normalt takast som fulltidsstudium om
hausten. I studiet inngår totalt tre emne, kvart på 10
studiepoeng.
NO-101-1 Litteratur- og språkdidaktikk og NO-104-2
Litteraturen i variasjon, utvikling og komparasjon er
obligatoriske hausten 2008. Vidare kan studentane velje
mellom NO-103-1 Språket i variasjon og utvikling eller
NO-123-1 Norsk som andrespråk og kulturkunnskap 1.
I det obligatoriske emnet NO-101-1 Litteratur- og språkdidaktikk står den fagdidaktiske refleksjonen kring «samansette tekstar», som er eit sentralt emne i kunnskapsløftet, i sentrum. Eksamensoppgåva i NO-101-1 må skrivast på nynorsk.
|
1sem
haust |
NO-101-1
Litteratur- og språkdidaktikk 10 sp |
Valemne* 10 sp |
NO-104-2
Litteraturen i variasjon, utvikling og komparasjon 10 sp |
|||||||||
* Valemne:
NO-103
Studentane skal ha vidareutvikla sin faglege og didaktiske kompetanse i arbeidet med språk og tekstar. Dei skal ha forståing av og innsikt i korleis fordjuping i fagstoffet kan vere eit godt grunnlag for arbeidet med dei sentrale ferdigheitene lesing og skriving hos elevane. Studentane skal også ha djupare kunnskap om og ferdigheiter i korleis arbeid med samansette tekstar kan styrke elevanes tekstkompetanse, opne for ulike læringsstrategiar og stimulere til bruk av digitale verkty.
I emna er det normalt anten to timar førelesing og to timar gruppearbeid pr. veke, eller ei seminarøkt på tre timar. Undervisninga i NO-123-1 går føre seg i tre samlingar (vanlegvis torsdag kveld til laurdag middag) og består av førelesingar, diskusjonar og mindre gruppearbeid.
Studentar som tek Norsk 2 som del av det tredje året i allmennlærarutdanninga, skal ha obligatorisk fagpraksis i to veker. Praksisen blir lagt inn som ein komponent i emnet NO-101-1 Litteratur- og språkdidaktikk som er obligatorisk i Norsk 2. Fokus i praksis skal vere korleis norskfaget tar vare på grunnleggjande ferdigheiter (lese, skrive, tale, bruk av verkty), og korleis ein tilpassar opplæringa på det aktuelle skolesteget. Etter praksis skriv studentane ein praksisrapport som må vere godkjend før ein kan gå opp til avsluttande eksamen i NO-101-1.
Studentar som tek Norsk 2 som del av det fjerde året i allmennlærarutdanninga og andre lærarar under vidareutdanning, skriv eit fagdidaktisk/praksisorientert FoU-arbeid på same tid som dei andre studentane i emnet NO-101-1 er ute i praksisen sin. Faglærarane i emnet kjem med framlegg om tema for FoU-arbeidet, som skal utførast individuelt eller i gruppe.
Det vil vere varierte eksamensformer i dei einskilde emna, sjå emnebeskrivingane.
Norsk 2 kvalifiserer for vidare studium i norskfaget, altså for Norsk 3 og dinest for masterstudiet i nordisk språk og litteratur. Tar ein Norsk 2 og Norsk 3 i tredje året i allmennlærarutdanninga, kan ein starte på første året av masterstudiet i det fjerde året og få mastergraden etter ei samla studietid på fem år. Med Norsk 2 er ein formelt kvalifisert til å undervise i norsk på alle trinn i skoleverket. Med Norsk 3 får ein eit solid fagleg fundament for å vere norsklærar, eller for å arbeide med språk og tekst i andre samanhengar.



