EN-003-G Engelsk språk og kommunikasjon

Forkurs for ingeniørutdanning Grimstad

Etter å ha tatt dette emnet, skal studenten

  • beherske engelsk språk og kommunikasjon på det nivået som krevjast i ei ingeniørutdanning
  • ha kunnskap om kommunikasjonsprosessen og kva som kjenneteikner god kommunikasjon
  • ha ferdigheiter i å bruke språket som verktøy til skriftleg og munnleg kommunikasjon i ulike sjangrar

Grunnleggjande opplæring i engelsk. Engelsk ortografi, grammatikk og idiomatikk. Uttaletrening. Opplæring i bruk av ordbøker, oppslagsverk og tekstsøkjing på internett. Kjeldekritikk. Oversetjingar. Mål og mottakaranalyse. Søknader og CV. Rapportskriving. Popularisering av faglege tekstar. Argumentasjonsanalyse. Retorikk. Møter - innkalling, organisering, referat. Presentasjonar, skriftleg og munnleg. Konversasjon og diskusjon om dagsaktuelle tema.

Forelesing og øving 4 t/u. Undervisninga samkøyrast med NO-006 Norsk språk og kommunikasjon. Obligatorisk frammøte til undervisninga (minst 75 %).

Obligatorisk frammøte til undervisninga (minst 75 %), obligatoriske innleveringar (minst 75 %) og ein (1) munnleg presentasjon presentert i plenum må vere godkjend for å kunne gå opp til eksamen. Oversikt over obligatorisk frammøte og innleveringar blir gjeve ved semesterstart i Fronter.

Skriftleg eksamen, 5 timer, tel 60 % og mappe tel 40 %. Gradert karakter. Mappa må vere bestått for å kunne gå opp til skriftleg eksamen. Krav til innhald i mappa blir gjeve ved semesterstart i Fronter.

Nei.

Fakultet for teknologi og realfag

Studiehåndbok Universitetet i Agder 2009-10