Semesterregistrering / stadfesting av utdanningsplan

Her finn du rettleiing og utfyllande informasjon knytt til semesterregistrering og stadfesting av utdanningsplan i StudentWeb.

Når du stadfester ein utdanningsplan der det manglar emne for dette semesteret, må du velgje inn dei emna du manglar. Trykk på 'Legg til emne', for å legge til desse emna. Trykk på blyanten for å melde deg til undervisning og vurdering/eksamen i emnet.

Kva er semesterregistrering?

Semesterregistrering er ei rutine du må gjere på StudentWeb i byrjinga av kvart semester. Semesterregistrering er tilgjengelig frå 10. juni for haustsemesteret og 10. desember for vårsemesteret. For nye studentar er semesterregistreringa tilgjengelig frå ca 2. august / 2. januar.

Generell informasjon om semesterregistrering finn du her >>>.

PIN-KODE: Dersom du manglar PIN-kode, klikk på Logg inn på Studentweb, fyll inn fødselsnummer og trykk på Send PIN-kode med e-post.

Generell informasjon om utdanningsplan finn du her >>>.

Viktig å hugse

  • Det er du som student som er ansvarleg for at alle registreringar er gjort innan dei fastsette fristane.

  • Kontroller at det står "Semesterregistrert: Ja" på startsida før du loggar ut av StudentWeb.

  • Dersom du ikkje har betalt semesteravgift innan fristen 1. september / 1. februar, vil eksamensmeldingar bli sletta og du reiknast ikkje som student for det aktuelle semesteret.

  • Alle fristar er absolutte dersom det ikke føreligg særskilde grunnar til forseinking. Fristar som ikkje vert halde kan få store konsekvensar, for eksempel i form av forseinkingar i studiet.

Semesterregistrering steg for steg

Klikk på "Semesterregistrering" i venstre meny. Studentar utan utdanningsplan kjem direkte til tredje avsnitt (Oppmeldingar).

Utdanningsplan del 1

Les og stadfest at du er inneforstått med Utdanningsplan del 1 dersom denne dukkar opp.

Utdanningsplan del 2

Dersom du har fleire aktive studieprogram, må du stadfeste utdanningsplanen for kvart einskild studium. Dei ulike utdanningsplanene er tilgjengeleg frå ein nedtrekksmeny øvst i skjermbiletet.

Kontroller innhaldet i utdanningsplanen. Derom du ser noko som ikkje stemmer og som du ikkje får justert sjølv, tek du kontakt med ein studiekonsulent/studierettleiar på ditt fakultetet. Avbryt i så fall semesterregistreringa, slik at du ikkje vert registrert med feil opplysningar. Merk at å fjerne eit emne fra utdanningsplanen ikkje medfører trekk frå eksamen/vurdering (sjå neste avsnitt for trekk frå eksamen).

Dersom dine emne for dette semesteret ikkje står i planen, klikk på Legg til emne på rett år/semester. Klikk deg fram til rett emnekombinasjon. Når du får opp lista med emne, klikk på Legg til valgt emne og Lukk emnevalg. No kjem du tilbake til Utdanningsplan del 2. Klikk på blyanten for oppmelding. Velg undervisningsmelding og lagre denne. Velg så vurderings/eksamensmelding og lagre. Gå så inn på Legg til emne igjen for å velgje inn neste dersom du skal ha fleire emne.

Dersom Utdanningsplan del 2 er korrekt, klikkar på du "OK Lagre plan" og går vidare.

Oppmeldinger

Her får du opp ein oversikt over kva oppmeldingar som er registrert som resultat av stadfesting av Utdanningsplan del 2. Kontrollér at du er oppmeld i alle emne du skal ha det aktuelle semesteret. Du må ha "Undervisning/Fronterpåmelding" for å få Frontertilgang og eventuelt praksis, og Vurdering/Eksamensmelding for å kunne avleggje eksamen.

Dersom du ynskjer å legge til ei undervisningsmelding eller ei vurderingsmelding der dette manglar, kan du legge til dette ved å klikke på blyant-symbolet.

Dersom du ynskjer å melde deg opp i eit emne som ikkje står oppført (f.eks. en ny/utsatt eksamen, eller tilleggsemne), kan dette gjerast ved å klikke på knappen "Legg til nytt emne". Skriv inn emnekoden og klikk på Finn emne. Når du har funne rett emne, klikk på Legg til valgt emne. Når du har oppretta undervisnings- og eksamensmelding, klikk Lagre. Dersom du er meld til emne du ikkje skal ta, er det viktig at du slettar desse oppmeldingane. Meir informasjon om oppmelding og trekk finn du her >>>.

Annan informasjon

I dei neste skjermbileta skal du kontrollere at adressa di er oppdatert, oppgje om du vil vere søkbar i katalogtjenester, velge målform og velge stemmerettstad dersom du tar emne frå fleire fakultet. Når du er ferdig kjem du tilbake til startsida.

Publisert av Embret Nesset <embret.nessetSPAMFILTER@uia.no> 21.03.2013
Del/Tips: Printfriendly version