Erasmus
Erasmus er EU sitt største utvekslingsprogram innan høgare utdanning og omfatter både studieopphald og praksis i utlandet. Som Erasmus-student slepp du skolepengar når du studerer ved ein av UiA sine 130 europeiske Erasmus-partnarar. Dessutan får du eit Erasmus-stipend i tillegg til lån og stipend frå Lånekassa.
For studie- og praksisopphald ligg Erasmus-stipendet på om lag 300 Euro per månad (ein månad er alt over 16 dagar). Tala er frå studieåret 2011-2012.
Språkstipend
I tillegg kan du få eit språkstipend på inntil 3000 kroner hvis du tar eit førebuande språkkurs i Noreg (gjeld for utveksling til ikkje-engelsktalande land). Skal du til et ikkje-engelsktalende land og følgje undervisning på det nasjonale språket, kan du i tillegg søkje Lånekassa om eit språkstipend på 16000 kroner. Beløpet skal gå til å dekkje utgiftene til språkkurs. Språkkurset skal vare i mist 4 veker, det skal vere i det landet du skal studere, og det skal gå føre seg før sjølve studiet startar. Les meir om språkstipend og økonomisk støtte på Lånekassen sine sider. Språkkurs gjennom Erasmus: Dei intensive språkkursa i Erasmus ( Erasmus Intensive Language Courses - EILC) er spesialiserte kurs innanfor dei mindre språka i Europa. EILC gir studentar høve til å studere vertslandet sitt språk i ca. ein måned som førebuing til, og i forkant av eit Erasmus-opphold.Meir om Erasmus Intensive Language Courses.
Hvem er våre Erasmus-partnarar?
For å finne våre Eramsus-partnarar, klikk på Utvekslingstilbod i menyen til venstre.
Senter for internasjonalisering av høgare utdanning (SIU) er norsk programoperatør. For meir generell informasjon om programmet, klikk SIU
Aktuelt
Utreiseseminar 15. mai kl. 14 - for dere som skal på utveksling til høsten! Velkommen på B1 007 i Kristiansand.



