- Søknad/registrering til delstudier i utlandet
- Erasmus
- Nordplus
- Delstudier i utlandet
- Erasmus
- Nordplus
- Utanfor Europa
- Reiser på eiga hand
- Finansiering
- Opptakskrav
- Cultural immersion program i USA
- Spørsmål & svar
- Studentrapporter/blogger
- Hele grader i utlandet
- I utlandet
- Tilbake i Norge
- Internasjonal avdeling
- Fakultetene
- ECTS 2011-2012
Reiser på eiga hand
For å få studia innpassa som ein del av graden din, og for å få støtte frå Lånekassa, treng du ei førehandsgodkjenning. Vær merksam på at ikkje alle fakultet godkjenner delstudium i utlandet hos andre enn UiA sine samarbeidspartnarar.
Undersøk med Internasjonal avdeling eller fakultetet ditt kva for muligheiter du har. Ein viktig føresetnad er at lærestaden er offentleg godkjent eller akkreditert i det landet du skal studere, og at du kan ta relevante emne som kan godkjennast på førehand av UiA som erstatning for emna du skulle ha tatt heime.
Veljer du å reise til eit universitet som UiA ikkje har samarbeid med, står du sjølv ansvarleg for ditt studieopphald i utlandet. Du må sjølv skaffe deg opplysningar om universitetet, emnebeskrivelser, fylle ut søknadsskjema, søkje om eventuell opphaldstillatelse osb. Dersom du ønsker å reise til eit anna universitet enn dei UiA samarbeider med, og har fått grønt lys frå fakultetet, må du følgje denne prosedyren:
1. Fyll ut UiA sitt søknadsskjema for utveksling akkurat som alle andre studentar. Du finn skjemaet i menyen til venstre.
2. Skriv ein hyggeleg e-post eller brev til den utenlandske lærestaden, presenter deg sjølv og din faglege bakgrunn, og be om at lærestaden sender deg:
informasjon om søknadsprosedyre og søknadsfrister
søknadsskjema og alle vilkår for opptak som delstudent
annan relevant informasjon om lærestaden
detaljert informasjon om studiet, kostnadsoversikt (tuition fees), informasjon om opptakskrav, opptaks- og språkprøver, eventuelle intervju med meir.
Gjør og kort greie for alder, tidlegare utdanning, at Lånekassa (Norwegian State Educational Loan Fund) vil (del)finansiere studieopphaldet, nåværande studium ved UiA, kva fag du har tatt og tar nå, og ikkje minst kva du vil studere, når og kor lenge. Forklar at du søkjer om å ta eit delstudium ved lærestaden i 1 eller 2 semester.
3. Få fagplanen godkjend av din studieleiar, på same vis som andre utvekslingsstudentar. Sett opp valg av fag med alternativ på ein Learning Agreement og skjema 'Søknad om godkjenning av delstudier i utlandet' (på Internasjonal avdeling og via Fronter), og lever desse til Internasjonal avdeling.
4. Signer ein kontrakt med Universitetet i Agder som blant anna beskriver dine plikter før, under og etter studieperioden i utlandet. Kontrakten får du av Internasjonal avdeling (eller på Fronter).
Følg lærestaden sine prosedyrer og rettleiingar nøye
Når lærestaden svarer, er du i gang, og du må følgje den enkelte lærestaden sin rettleiing om søknadsrutiner og søknadsprosedyrer nøye. Les all informasjon nøye slik at du får med deg alt. Fyll ut søknadsskjema så nøyaktig som mogleg, hald alle tidsfristar og andre pålegg og vilkår, svar raskt på all korrespondanse og hald ellers god kontakt med lærestaden under helie søknadsprosessen. Legg ved alle relevante vitnemål / karaktererutskrifter på det språket som krevjast.
Hugs at alle endringar i emne som er godkjende på førehand (Learning Agreement) må godkjennest skriftleg av din studieleiar ved UiA. Elles har du ingen garanti for at nye fag vil bli godkjende av UiA etter at studieopphaldet er gjennomført.
Karakterutskrift etter opphaldet
Når studieopphaldet er gjennomført, er det ditt ansvar at lærestaden sender ei bekrefta, original karakterutskrift direkte til Internasjonal avdeling på UiA. Karakterutskrifta skal vise kva for emne du har tatt, antall studiepoeng (credits) og kva for karakterer du oppnådde. Karakterutskrifta leggjast ved og inngår i vitnemålet frå UiA.
Aktuelt
Utreiseseminar 15. mai kl. 14 - for dere som skal på utveksling til høsten! Velkommen på B1 007 i Kristiansand.



