Nordplus

Nordplus tyder stipend i Norden!

Nordplus er Nordisk Råd sitt program for utveksling. For deg betyr det hovudsakleg at du slepp skolepengar, og at du får eit stipend på 200 Euro per månad (2011). Om du er student på nordisk, ALU, FLU, sjukepleie, musikk (konservatoriet), ernæringsfag eller idrett, har du gode sjanser til å reise til partnarar i Danmark, Sverige, Finland, på Island, Færøyene eller Grønland via særskilde faglege nettverk.

I tillegg har UiA inngått avtale med over 30 av dei nordiske universiteta i Nordlys-nettverket om utveksling for studentar som ikkje kan nytte desse faglege nettverka. Med få unnantak kan derfor alle studentar på UiA søkje om utveksling til eit nordisk universitet.

Liste over dei aktuelle universiteta finn du her http://nordlys.info/ :

For å finne fleire Nordplus-partnarar, klikk på Utvekslingstilbod i menyen til venstre.

Les meir om Nordplus-programmet her.

Publisert av Clare Patricia Jortveit <clare.jortveitSPAMFILTER@hia.no>,TonjeNielsen Rørly <tonje.n.rorlySPAMFILTER@uia.no> 13.01.2012
Del/Tips: Printfriendly version

Aktuelt

Utreiseseminar 15. mai kl. 14 - for dere som skal på utveksling til høsten! Velkommen på B1 007 i Kristiansand.