Leseplassar og grupperom

Her finn du generell informasjon om leseplassar og grupperom. Klikk på aktuelt campus i menyen til venstre for meir detaljert informasjon.

Lesesalar for masterstudentar: Konferer med fakultetet.

Grupperom i diverse bygg kan nyttast når det ikkje er undervisning der (sjå timeplan på døra). Grupperom kan reserverast den dagen du sit der, ikkje dag eller dagar på førehand. Om rommet ikkje vert teke i bruk etter 30 minutt, kan det fritt nyttast av andre.

Ein del bygg har pauseareal som kan brukast av grupper til sjølvstudium.

Datarom som er opne for studentar, kan nyttast til leseplassar.
Biblioteket har mange leseplassar og einskilde grupperom og datarom.
Kantina kan nyttast til pensumlesing, men helst ikkje i tida 11-13 pga. behovet for spiseplassar.

Reglar for bruk av grupperom

  1. Grupperomma er for grupper på min. 2 personar. Enkeltstudentar må nytte lesesal.
  2. Dersom eit grupperom ikkje er tatt i bruk 30 minutt etter at det er reservert, kan rommet fritt nyttast av andre grupper. Studentar har høve til å nytta seg av rommet før det er gått 30 minutt, men må forlate rommet dersom dei som har reservert det kjem innan 30 minutt.
  3. Grupperom kan reserverast i ledige tidsrom same dag som rommet skal nyttast (skriv dykk opp på timeplanen på døra). Det er ikkje høve til førehandsreservering ut over dette.
  4. For store grupperom rekna for 10 personar eller fleire, kan to grupper nytte seg av rommet samstundes.
  5. Tenk på medstudentar – unngå støy.
  6. Studentar har sjølv ansvar for utstyr som vert liggande att i lokala.
  7. Rommet skal vere rydda etter bruk: stolar og bord skal settast på plass, vindu skal lukkast, avfall og anna skal fjernast.
Publisert av Timeplan <timeplan-krsSPAMFILTER@uia.no> 22.09.2011
Del/Tips: Printfriendly version