Reglar for undervisning og eksamen i ph.d.-emne

Gjennomføring av undervisning og eksamen i ph.d.-utdanninga ved Universitetet i Agder er regulert av lover og forskrifter med utfyllande reglar.

This page in English

Dei viktigaste er:

Andre aktuelle lover, forskrifter og retningslinjer finnast i reglementshandboka.

I tillegg skal all undervisning og vurdering gjennomførast i samsvar med den godkjende studieplanen inkludert emnebeskrivingar for ph.d.-programmet.

Dei viktigaste reglane som faglærarar, kandidatar og administrasjon må ta stilling til utover studieplanen, er lista opp her:

  • Den munnlege delen av eksamenar og prøver skal vere offentleg med mindre omsynet til gjennomføringa av eksamenen eller prøva tilseier noko anna. Styret kan gjere unntak. (U&H-loven, § 3-9 (3))
    Merk at eksamenskontoret fastset eksamensdatoar og kunngjer eksamen. (Utfyllende regler for eksamener og prøver, Kap. 6)
  • Studenten har rett til å få ei grunngiving for karakterfastsettinga av prestasjonane sine. Ved munnleg eksamen eller bedømming av praktiske ferdigheiter må krav om slik grunngiving settast fram umiddelbart etter at karakteren er kunngjort. (U&H-loven, § 5-3 (1))
  • Bedømming av munnleg prestasjon og vurdering av praksisopplæring eller liknande som etter sin art ikkje lar seg etterprøve, kan ikkje påklagast. (U&H-loven, § 5-3 (5))
  • Ved sensur av opplæringsdelen i ph.d.-programmet skal det normalt nyttast ekstern sensor. (Forskrift om studier og eksamen ved UiA, § 37, 4))
    Merk at det er fakultetsstyret sjølv (dvs. fakultetsstyret kan ikkje delegere) som nemner opp sensorar og vedtar eventuelle unntak frå hovudregelen om bruk av ekstern sensor i opplæringsdelen i ph.d.-program. (Forskrift om studier og eksamen ved UiA, § 37, 9) og 10))
  • Ved eksaminasjon i det teoretiske pensumet blir prestasjonen vurdert til bestått eller ikkje bestått, der bestått tilsvarar karakteren B eller betre. (Utfyllende regler for de to ph.d.-programmene)
  • Dersom tidlegare avlagte eksamenar skal brukast som del av det teoretiske pensumet, skal det dokumenterast at dei er teke med tilfredsstillande resultat. Eksamenar som ved opptak er eldre enn 5 år, kan normalt ikkje inngå i opplæringsdelen. (Utfyllende regler for begge de to ph.d.-programmene)
  • Dersom kandidaten ikkje består ei av delprøvene i opplæringsdelen, kan ny prøve avleggjast tidligast i det påfølgande semesteret. (Utfyllende regler for begge ph.d.-programmene)

Følgjande konverteringstabell er vedtatt av fakultetsstyret 05.10.09 (TR-sak 49/09) og tilrådd brukt av Nasjonalt råd for teknologisk utdanning for bruk i teknologisk utdanning:

Karakter

%-poenggrenser

A

90 til og med 100

B

80 til og med 89

C

60 til og med 79

D

50 til og med 59

E

40 til og med 49

F

39 poeng eller dårligare

Ved sensur etter %-poengmetoden bør derfor grensa for ikkje bestått liggje på 80 %-poeng for ph.d.-emne.

Universitets- og høgskolerådets rettleiing om %-poengmetoden kan lesast i sin heilskap på http://www.uhr.no/documents/Prosentpoengmetoden_2006_rev.pdf

Ph.d.-program i mekatronikk, hovudside

Publisert av ph.d.-koordinator <phd-mechatronicsSPAMFILTER@uia.no> 10.03.2011
Del/Tips: Printfriendly version