Reglar for undervisning og eksamen i ph.d.-emne
Dei viktigaste er:
- Lov om universitet og høgskolar (U&H-loven)
- Forskrift om studiar og eksamen ved Universitetet i Agder
- Forskrift om graden ph.d. ved Universitetet i Agder
- Utfyllande reglar for ph.d.-graden i matematikkdidaktikk ved Universitetet i Agder
- Utfyllande reglar for ph.d.-graden i mobile kommunikasjonssystem: nettverk, sikkerheit og formelle metodar ved Universitetet i Agder
- Utfyllande reglar for ph.d.-graden i teknologi ved Universitetet i Agder:
Andre aktuelle lover, forskrifter og retningslinjer finnast i reglementshandboka.
I tillegg skal all undervisning og vurdering gjennomførast i samsvar med den godkjende studieplanen inkludert emnebeskrivingar for ph.d.-programmet.
- Informasjon om doktorgradsprogram i matematikkdidaktikk
- Informasjon om doktorgradsprogram i IKT og mobile kommunikasjonssystem
- Informasjon om doktorgradsprogram i mekatronikk
Dei viktigaste reglane som faglærarar, kandidatar og administrasjon må ta stilling til utover studieplanen, er lista opp her:
-
Den munnlege delen av eksamenar og prøver skal vere offentleg med mindre omsynet til gjennomføringa av eksamenen eller prøva tilseier noko anna. Styret kan gjere unntak. (U&H-loven, § 3-9 (3))
Merk at eksamenskontoret fastset eksamensdatoar og kunngjer eksamen. (Utfyllende regler for eksamener og prøver, Kap. 6) - Studenten har rett til å få ei grunngiving for karakterfastsettinga av prestasjonane sine. Ved munnleg eksamen eller bedømming av praktiske ferdigheiter må krav om slik grunngiving settast fram umiddelbart etter at karakteren er kunngjort. (U&H-loven, § 5-3 (1))
- Bedømming av munnleg prestasjon og vurdering av praksisopplæring eller liknande som etter sin art ikkje lar seg etterprøve, kan ikkje påklagast. (U&H-loven, § 5-3 (5))
-
Ved sensur av opplæringsdelen i ph.d.-programmet skal det normalt nyttast ekstern sensor. (Forskrift om studier og eksamen ved UiA, § 37, 4))
Merk at det er fakultetsstyret sjølv (dvs. fakultetsstyret kan ikkje delegere) som nemner opp sensorar og vedtar eventuelle unntak frå hovudregelen om bruk av ekstern sensor i opplæringsdelen i ph.d.-program. (Forskrift om studier og eksamen ved UiA, § 37, 9) og 10)) - Ved eksaminasjon i det teoretiske pensumet blir prestasjonen vurdert til bestått eller ikkje bestått, der bestått tilsvarar karakteren B eller betre. (Utfyllende regler for de to ph.d.-programmene)
- Dersom tidlegare avlagte eksamenar skal brukast som del av det teoretiske pensumet, skal det dokumenterast at dei er teke med tilfredsstillande resultat. Eksamenar som ved opptak er eldre enn 5 år, kan normalt ikkje inngå i opplæringsdelen. (Utfyllende regler for begge de to ph.d.-programmene)
- Dersom kandidaten ikkje består ei av delprøvene i opplæringsdelen, kan ny prøve avleggjast tidligast i det påfølgande semesteret. (Utfyllende regler for begge ph.d.-programmene)
Følgjande konverteringstabell er vedtatt av fakultetsstyret 05.10.09 (TR-sak 49/09) og tilrådd brukt av Nasjonalt råd for teknologisk utdanning for bruk i teknologisk utdanning:
| Karakter | %-poenggrenser |
| A | 90 til og med 100 |
| B | 80 til og med 89 |
| C | 60 til og med 79 |
| D | 50 til og med 59 |
| E | 40 til og med 49 |
| F | 39 poeng eller dårligare |
Ved sensur etter %-poengmetoden bør derfor grensa for ikkje bestått liggje på 80 %-poeng for ph.d.-emne.
Universitets- og høgskolerådets rettleiing om %-poengmetoden kan lesast i sin heilskap på http://www.uhr.no/documents/Prosentpoengmetoden_2006_rev.pdf
Ph.d.-program i teknologi
- IKT
- Mekatronikk
- Fornybar energi (ENE)
- Anvendt matematikk (AppMath)



