Rutinemessige tenesteoppdrag utan overnatting ("lokale reiser")

Retningslinene gjeld alle tilsette ved Universitetet i Agder som gjennomfører rutinemessige tenesteoppdrag utan overnatting; ved å reise mellom stadene UiA har verksemd i Kristiansand, Grimstad og Arendal, eller i møte med samarbeidspartnarane våre i distriktet/ randsona.

Med reiseoppdrag av fast rutinemessig karakter meiner ein ordinær teneste ved/ under utføring av rutinemessige/faste tenesteoppdrag som ikkje treng spesiell godkjenning av arbeidsgivar.

Reiser mellom stadene UiA har verksemd er å sjå som rutinemessige.

Kostgodtgjersle ved rutinemessig tenesteoppdrag utan overnatting

Ein kan ikkje krevje kostgodtgjersle for reiser mellom stadene UiA har fast verksemd (jf. PM melding 2008-5 Særavtale om kostgodtgjørelse ved rutinemessig tjenesteoppdrag uten overnatting").

Ein kan få kostgodtgjersle for rutinemessig tenesteoppdrag utan overnatting utanfor verksemdene til UiA. Slike tenesteoppdrag vil vere:

  • Oppfølging av studentar i praksis
  • Andre rutinemessige dagsreiser i samband med møte med samarbeidspartnarane våre i distriktet og randsona.

Følgjande satsar gjeld (jf. PM 2008-5 Særavtale om kostgodtgjøring ved rutinemessig tjenesteoppdrag uten overnatting):

For reiser meir enn 15 km frå fast arbeidsstad eller frå reisa sitt utgangspunkt blir godtgjort meirutgifter til kost:

a)

For reiser mellom 6-9 timar kan ein få dekt inntil kr 90, ved å levere original kvittering for utlegg måltid.

b)

For reiser mellom 9-12 timar kan man få dekt inntil kr. 150, ved å levere original kvittering for utlegg måltid.

c)

For reiser over 12 timar kan man få dekt inntil kr. 210, ved å levere original kvittering for utlegg måltid.

Når måltid blir dekt av arbeidsgjevar/oppdragsgjevar blir ikkje kostutgifter utbetalte.

Kilometergodtgjersle ved rutinemessig tenesteoppdrag utan overnatting

For reiser mellom verksemdene vil ein kunne få kilometergodtgjersle ved bruk av eigen bil, etter ordinære satsar, jf. PM 2008-4 Særavtale for reiser innanlands for staten si rekning, §§ 6,7 og 8.

Omgrepet arbeidsstad er definert i arbeidsavtalen til den einskilde.

Endringar blir vedtekne av: Prosjektgruppa for retningslinjer for reiser
Ansvarleg eining: Universitetet i Agder - Personal- og organisasjonsavdelinga
Sida oppretta 15.09.2008 av Helge Simon Møll
Sist oppdatert 15.09.2008 av Helge Simon Møll
Verifisert 31.08.2008
Del/Tips: Printfriendly version