LØYVINGAR OVER STATSBUDSJETTET

Universitet og høgskular i Noreg får ei tredelt løyving over statsbudsjettet. Basisbidraget utgjer i overkant av 60 % av det totale statsbudsjettbidraget for sektoren. Undervisningskomponenten utgjer i underkant av 25 % av den totale løyvinga, og forskingskomponenten ca. 15 %. For universiteta i Oslo, Bergen, Trondheim (NTNU), Tromsø og Ås (UMB) utgjer forskingskomponenten ein monaleg større del (ca. 25 %) enn for universiteta i Agder og Stavanger, og høgskulane.

Basisbidraget byggjer for dei einskilde institusjonane på meir skjønsmessige og historiske vurderingar, undervisningskomponenten er i det vesentlege ein konsekvens av studiepoengsproduksjon i ulike kostnadskategoriar, mens forskingskomponenten dels er "strategiske midlar" og ein resultatbasert fordeling innanfor sektoren. Sjå elles økonomiavdelinga si forklaring av budsjettfordelingsmodellane.

For budsjettåra 2006 - 2009 har Universitetet i Agder / Høgskolen i Agder fått slike løyvingar i forslaget til statsbudsjett (St.prp.1):

(tal i mill. kr. I parentes endring frå føregåande år)

Budsjettår

Basis

Undervising

Forsking

Samla

2006

440

186

30

656

2007

460 (+4,3%)

191 (+3,0%)

34 (+11,7%)

685 (+4,3%)

2008

484 (+5,2%)

202 (+5,8%)

47 (+38,2%)

733 (+7,0%)

2009

508 (+5,0%)

209 (+3,5%)

42 (-10,6%)

759 (+3,5%)

Samanliknande tal for heile universitets- og høgskulesektoren er slik:

(tal i mill. kr. I parentes endring frå føregåande år)

Budsjettår

Basis

Undervising

Forsking

Samla

2006

11.613

4.620

2.747

18.981

2007

11.865 (+2,1%)

4.871 (+5,1%)

2.955 (+7,0%)

19.692 (+3,6%)

2008

12.577 (+5,7%)

5.134 (+5,1%)

3.194 (+7,5%)

20.905 (+5,8%)

2009

13.470 (+7,1%)

5.319 (+3,6%)

3.497 (+9,5%)

22.285 (+6,6%)

Publisert av webredaksjonen <webredaksjonSPAMFILTER@uia.no> 31.05.2010
Del/Tips: Printfriendly version

Fleire tal

Norsk samfunnsvitskapleg datateneste samlar tal for universitets- og høgskulesektoren i Noreg i ein eigen database, Database for statistikk om høgare utdanning (DBH). Basen inneheld tal for einskilde institusjonar heilt tilbake til 1981. Universitetet i Agder / Høgskolen i Agder har registrert tal frå 1995.

paintplas