Landskapsnamn på Gimlemoen
Sjølve namnet Gimlemoen knyter seg til garden Gimle. Garden heitte opphavleg Ronnestadbakken, og blei gitt namnet Gimle tidleg på 1800-talet.
Spicheren, som no er blitt namnet på Studentsamskipnadens treningssenter, er namnet på høgda ved det tidligare Ridehuset. Kristiansandarar som voks opp dei fyrste ti-åra etter 2. verdskrig, den gongen det var snø om vinteren, vil hugse Spicheren som området der Oddersjaa arrangerte skiskule for barn.
Spicheren er ein landsby i Frankrike, på grenseområdet til Tyskland, mellom Saarbrücken ved Tyskland si vestgrense og Metz ved Frankrike si austgrense. Nemninga på dette området på Gimlemoen stammar frå eit stort slag i den fransk-prøyssiske krigen 1870-71. 6. august 1870 forsvarde franske troppar seg mot eit tysk angrep, det blei store tap på begge sider. Slaget enda med at franskmennene måtte trekkje seg tilbake til Metz.
Malakoff, med litt ulike stavemåtar, er høgda rett aust for I- og J-bygga, altså rett ovanfor sykkelparkeringa ved hovudinngangen til universitetet. Malakoff var eit forsvarsverk, eit stort steintårn, i utkanten av Sevastopol, kjend frå Krimkrigen 1853-56. Slaget om Malakoff var eit slag mellom franske og russiske styrkar 7. september 1855. Sevastopol var kringsett i nesten eitt år. Slaget om Malakoff innebar Sevastopols fall, og innleidde sigeren for dei allierte fransk-britiske styrkane over Russland.
Salen er eit landskapsnamn på Gimlemoen som ikkje er så vanleg i bruk. Namnet finst på einskilde kart over området, og skriv seg truleg frå at formasjonen kan likne på ein hestesal.
Pjolterhaugen er den største av dei gamle gravhaugane som ligg framfor den gamle kommandantbustaden. Namnet seier kanskje seg sjølv. Haugen skal ha blitt brukt til konsertar av divisjonsmusikken. Offiserane samla seg då ved foten av haugen, og det blei servert "pjolter". Dei to gravhaugane er det einaste attverande av eit stort gravfelt som strakk seg frå det som no blir kalla Kjempegravene ved Kongsgård allé, til dette området på Gimlemoen.
Gimlemoen
I Årsskrift for Christianssands Byselskab 2000 skriv oberstløytnant Børre R Gundersen om Gimlemoen som militært område 1863-1995.
Børre R Gundersen har også gitt ut Agder forsvarsdistrikt / Agder infanteriregiment nr 7 : fotfolket fra Agder, som har mykje interessant stoff, både tekst og bilete, frå Gimlemoen som militært område.
Kåre Rudjords Oddernes bygdebok har også mykje historie frå området.



