- Fakultet og lærarutdanning
- Senter
- LA2020
- Styret og utvalgene
- Leiing og administrasjon
- Instrukser/mandater
- Seniorsentrene
- Kvalitetssikring av utdanning
- Kvalitetssikring av forskning
- Utdannings- og forskningsmelding
- Virksomhetsutvikling
- Nøkkeltal
- Historia
- Høgskolen i Agder
- Gimlemoen
- Høgskolene før HiA
Historia
Johann Friedrich Struensee. Oljemåleri på lerret, Jens Juel, 1771. Bowmann-Museum, Celle | Tanken om eit universitet på Agder er ikkje heilt ny. Johann Friedrich Struensee planla i sin korte periode som den leiande myndigheitsperson i Danmark-Noreg, å reformere Københavns universitet. Han gav biskop Johann Ernst Gunnerus i Trondheim i oppdrag å utforme nærmare planar. Gunnerus la fram forslaga sine i 1771. Gunnerus gjorde framlegg om å opprette eit nytt universitet i Noreg, og ville leggje det nye universitetet til Kristiansand. Motiva for å foreslå Kristiansand som universitetsby har vore diskutert. Uansett blei tanken ein parantes i arbeidet for eit eige norsk universitet. |
Johan Ernst Gunnerus. Maleri av ukjend kunstnar. Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab, Trondheim. | Fyrst i 1811 blei det vedteke å etablere eit universitet i Noreg, og det blei då lagt til Christiania. Høgskolen i Agder blei etablert ved høgskulefusjonen i 1994, der dei seks statlege høgskulane i Agderfylkene gjekk saman til ein institusjon. Desse seks høgskulane kan igjen vise til samanhengande verksemd frå 1839 (Kristiansand lærarhøgskole), 1920 (Arendal sjukepleiarhøgskole), 1965 (Agder musikkonservatorium), 1967 (Agder ingeniør- og distriktshøgskole), 1969 (Agder distriktshøgskole) og 1976 (Kristiansand sjukepleiarhøgskole). |
Litteratur
May-Brith Ohman Nielsen, Steinar Supphellen (red.): Johan Ernst Gunnerus : samtid og vitenskaper. Forskningsserien / Høgskolen i Agder ; nr 46. Kristiansand : Høyskoleforlaget/ Høgskolen i Agder, 2005.
Meir historie
Seniorsenteret ved universitetet, senteret for universitetspensjonistane, har eigne nettsider. På www.agderkultur.no har seniorane samla mykje historisk materiale, ikkje minst mange bilete.



