Telefaks på PC
(Summary in English below)
Sending av telefaks
Alle tilsette kan sende telefaks frå e-post. Ein skriv mottakaren sitt telefaksnummer framfor @faxserver.no som ei anna e-postadresse (t.d. 51831050@faxserver.no ). Ein skal ikkje sette 0 framfor for å ringje ut. Men ein må nytte 00 og landskode for telefaks til utlandet.
Vedlegg i fleire kjente format kan brukast (word, pdf, excel). Andre program kan skrive til pdf-skrivar, lagre fila og sende denne som vedlegg. Adobe eller Cute-PDF skal vere installert på PC som ein alternativ "virtuell skrivar".
Å mellomlagre dokumentet i PDF-format har den fordel at ein ser korleis det tar seg ut på arket før sending. Det kan derfor vere greitt å alltid sende vedlegg til faxserver som PDF.
Kvittering på sendt telefaks kjem tilbake som e-post.
Dersom du har eit dokument som må vere signert, skannar du dokumentet til e-post og vidaresender det skanna dokumentet som e-post til aktuelt telefaksnummer med @faxserver.no bak. Skanning til e-post skjer på multifunksjonsmaskiner (maskiner for kopi, utskrift, skanning) som har kortlesar.
Mottak av telefaks
Telefaks inn til UiA handterast primært av sentralarkivet som blir både postmottak og telefaksmottak. Telefaksar kjem inn elektronisk og vidaresendes til den aktuelle mottakar som e-post. Det er derfor ein fordel om både namn, fakultet/avdeling og e-postadresse står på telefaksen.
Det er fleire telefaksnummer på UiA. I Kristiansand vil dei bli vidarekopla til den nye løysninga etter kvart som dei gamle maskinene vert fasa ut. I Grimstad går all telefaks til telefaksmottaket ved at dei ulike telefaksnumra er vidarekopla til den nye tjenesten.
Det vil og vere mulig å få sendt telefaks til Universitetsbiblioteket. Biblioteket både i Kristiansand og Grimstad har eige telefaksmottak som er bemanna så lenge biblioteket er ope. Dette kan vere aktuelt dersom du må ta imot telefaks på kvelden. Også her sendes telefaks vidare som e-post.
Ta kontakt med it-hjelp på IT-hjelp@uia.no eller telefon (3814) 1700 om du har spørsmål.
--------------------------------------------------------------
Summary in English
Telefax machines are replaced by telefax via email. Incoming telefax to most telefax numbers will be received by the Central Record Office and forwarded to the right person via email. Hence, telefax numbers already defined could still be published.
As an employee at UiA, you can send telefax from your PC/Mac by emailing plain text or an email with some defined types of attatchments to faxnumber@faxserver.no, where faxnumber is the actual telefax number. No “0” prefix should be used to get a public exchange line. But for international sending 00 and country code must be used.
Attachments could be in PDF, Word, Excel and some other formats.
PDF is recommended since you then see what you get as telefax pages.
A document in PDF format could be obtained by writing to a virtual printer giving a PDF-file. In this way a PDF document could be generated from any program, including Word, Excel, Open Office etc.
Your PC/Mac should have Cute-PDF or Adobe installed as a virtual printer.
The library could help you if you need to receive a telefax in the evening in the opening hours for the library. (The library telefax number must then be used.)
If you need more help: Call IT helpdesk at (3814) 1700.



