Vegvisar og kart til Universitetet i Agder
(foto: UiA)
med fly: nærmaste flyplass med rutetrafikk er Kristiansand lufthamn Kjevik. Frå Kjevik går det flybuss til Grimstad og Kristiansand.
med tog: Kristiansand er stasjon på Sørlandsbana, som går frå Oslo S til Stavanger. Grimstad har ikkje togsamband, det går buss til Grimstad både frå Arendal stasjon og Kristiansand stasjon.
med buss til Gimlemoen, Kristiansand: Campus på Gimlemoen i Kristiansand har busstopp for både lokalbuss og fjernbussar (i retning frå/til aust for Kristiansand sentrum). Ruteopplysningar på www.177-agder.no, der busstoppet ved universitetet har nemninga Spicheren UiA.
med buss til Jon Lilletuns vei, Grimstad: Buss frå vest køyrer E18, tek av ved Statoilstasjonen, og følgjer Vesterled mot Grimstad sentrum. Gå av ved Terje Løvås vei. Buss frå aust køyrer E18, følgjer Arendalsvegen til Grimstad busstasjon. Herifrå kan ein gå eller ta ei drosje til universitetet (sjå kart). Ruteopplysningar på www.177-agder.no.
med eigen bil til Gimlemoen, Kristiansand: Frå vest følgjer ein E39 til bomstasjonen ved Xstrata nikkelverk i Kolsdalen. Bruk venstre felt, og køyr E18 over Vesterbrua og inn i Baneheitunnelen ved Kristiansand sentrum. Køyr over Oddernesbrua (ein følgjer midtre felt) inn i Oddernestunnelen (høgre felt). Køyr av til høgre ved utkøyrselen av tunnelen. Ta fyrste avkøyrsel, til høgre, i rundkøyringa. Ta tredje avkøyrsel i neste rundkøyring, inn i Presteheitunnelen. Følg skiltinga mot Universitetet. Ta andre avkøyrsel i neste rundkøyring, og andre avkøyrsel i rundkøyringa etter brua over Prestebekken. Følg vegen (som heiter Gimlemoen) rett fram. Hovudinngangen ligg rett fram, ved Henrik Wergelands hus.
Frå aust følgjer ein E18 til bomstasjonen på Bjørndalssletta. Ta til høgre rett etter bomstasjonen, ta andre utkøyrsel i rundkøyringa, inn i Presteheitunnelen. Følg skilting mot Universitetet. Ta andre avkøyrsel i neste rundkøyring, og andre avkøyring i rundkøyringa etter brua over Prestebekken. Følg vegen (som heiter Gimlemoen) rett fram. Hovudinngangen ligg rett fram, ved Henrik Wergelands hus.
Frå nord, frå Setesdalsveien, tar ein tredje avkøyrsel (mot Oslo) i rundkøyringa rett etter bomstasjonen ved Kristiansand kyrkjegard. Følg feltet mot Oslo gjennom Baneheitunnelen. Køyr over Oddernesbrua (midtre felt) inn i Oddernestunnelen (høgre felt). Køyr av til høgre ved utkøyrselen av tunnelen. Ta fyrste avkøyrsel, til høgre, i rundkøyringa. Ta tredje avkøyrsel i neste rundkøyring, inn i Presteheitunnelen. Følg skilting mot Universitetet. Ta andre avkøyrsel i neste rundkøyring, og andre avkøyrsel i rundkøyringa etter brua over Prestebekken. Følg vegen (som heiter Gimlemoen) rett fram. Hovudinngangen ligg rett fram, ved Henrik Wergelands hus.
med eigen bil til Jon Lilletuns vei, Grimstad: Frå vest køyrer ein E18 til fyrste avkøyrsel til Grimstad (ved Statoilstasjonen). Ta andre avkøyrsel i rundkøyringa, riksveg 420 Vesterled. Ta til høgre, inn Terje Løvås vei, i ny rundkøyring. Ta til venstre inn Jon Lilletuns vei.
Frå aust køyrer ein E18 til tredje avkøyrsel til Grimstad (ved Statoilstasjonen). Ta andre avkøyrsel i rundkøyringa, riksveg 420 Vesterled. Ta til høgre, inn Terje Løvås vei, i ny rundkøyring. Ta til venstre inn Jon Lilletuns vei.
Kristiansand
Sentrum og campus:
Kartgrunnlaget er levert av Kristiansand oppmålingsvesen / Kristiansand kommune
Campus Kristiansand:
Lenkane
i teksta er eksterne nettstader som viser rutetider m.m. Lenkene åpner i eige vindu. Klikk på karta for å sjå dei i leseleg format (pdf).



