Leseplassar og grupperom

Lesesalar finst i
B3-034 (94 pl)
F2-029 (12 pl)

Lesesalar for masterstudentar: konferer med fakultetet.

Grupperom i diverse bygg kan nyttast når det ikkje er undervisning der (sjå timeplan på døra). Grupperom kan i eksamenstider reserverast den dagen du sit der, ikkje dag eller dagar på førehand.

NB! Grupperom er for grupper - enkeltpersonar må finne plass på ein lesesal!

Ein del bygg har pauseareal for studentar. Desse kan brukast av grupper til sjølvstudium.

Datarom som er opne for studentar, kan nyttast til leseplassar.
Biblioteket har mange leseplassar og einskilde grupperom og datarom.
Kantina kan nyttast til pensumlesing, men helst ikkje i tida 11-13.

Her finn du grupperom:
Gimlemoen 46: 7 grupperom
Gimlemoen 47: 14 grupperom (Seminarrom 124 er ikkje grupperom).
Gimlemoen 48: ingen grupperom
Gimlemoen 50: 16 grupperom
Gimlemoen 51: 4 grupperom - Rom 51-122 vert leserom for studentar frå og med 19. april 2010.
B-bygget 2. etasje: 15 grupperom
B-bygget 3. etasje: 18 grupperom
D-bygget: 6 grupperom - vert ikkje tilgjengelege frå og med 10. mai 2010 på grunn av ombyggjing.
F-bygget, 1. etasje: 8 grupperom (F1-001 er ikkje grupperom).
F-bygget, 2. etasje: 10 grupperom
G-bygget: ingen grupperom tilgjengeleg.
H-bygget: ingen grupperom.
I-bygget: 10 grupperom
J-bygget: 8 grupperom

Publisert av webredaksjonen <webredaksjonSPAMFILTER@uia.no> 02.03.2010

Tilgjengelegheit

Bygg for alle - logo

Statsbygg har registrert mange av bygningane Staten eig på ein eigen nettstad, Bygg for alle. Her finn ein god informasjon om i kva grad bygningene har god tilgjengelegheit for alle.