Per Inge Bjørlo

Per Inge Bjørlo (fødd 1952) er ein av dei mest internasjonalt anerkjende kunstnarane i Noreg. Gjennom medium som måleri, grafikk, skulptur og installasjon visualiserer han psykologiske tilstandar og stemningar, og viser ei særeigen følsemd for rom og materiale.

Han slo gjennom på 1980-talet med ein serie installasjonar kalla Indre rom. To av desse blei presentert på biennalane i Sao Paolo (1985) og Venezia (1988), og ein tredje er permanent installert i Museet for samtidskunst i Oslo. For eit større publikum er Bjørlo mest kjend for skulpturserien Alexis på Oslo lufthamn Gardermoen.

Sjå Wikipedia for meir informasjon om Per Inge Bjørlo.


Publisert av webredaksjonen <webredaksjonSPAMFILTER@uia.no> 23.06.2010
Sist oppdatert 23.06.2010
Del/Tips: Printfriendly version

Kommentarer