Formidling og faglege ressursar

Universitetet i Agder formidlar informasjon om verksemda si gjennom mange kanalar. Både radio og cd-produksjonar, TV og videoproduksjonar, og trykte medium blir brukte for å formidle forskingsresultat og generell opplysning om verksemda til universitetet. I mange tilfelle står universitetet bak kulturelle arrangement som kan ha interesse for fleire enn dei som var tilstades då arrangementet gjekk av stabelen. Universitetet bruker også eit mangfald av publiseringskanalar for å informere om studietilbod, kompetanse og faglege ressursar som er samla ved institusjonen.

Slike større eller mindre videoinnslag, lydklipp eller visingar av ulike trykksaker (som oftast i pdf-format) vil vere tilgjengelege frå mange stader på nettsidene. Nokre større produksjonar er samla på desse sidene.

Bilete- og lydproduksjonar knytt til nettsidene er eit felt webredaksjonen og mediesenteret til IT-avdelinga arbeider for å utvikle. Informasjon om dette arbeidet vil også kunne søkjast frå desse sidene.

Avdeling for lærarutdanning har utvikla ei samling ressurssider om bruk av IKT i undervisninga. Ressursen er utvikla med tanke på faglærarar og studentar i lærarutdanningane, men inneheld materiale som kan vere nyttig for lærarar og studentar også i andre utdanningar ved universitetet.

Publisert av webredaksjonen <webredaksjonSPAMFILTER@uia.no> 20.02.2009

Formidlingsprosjekt under arbeid

Webredaksjonen arbeider for tida med nokre formidlingsprosjekt knytta til kunstfag:

Komponisten Johan Henrik Freithoff

Sigurd Lie: Sanger

Komponisten Louis Hornbeck

Agathe Backer Grøndahl: Erindring

forskning.no

UiA samarbeider med nettstaden forskning.no om presentasjon av FoU-arbeid ved universitetet. Sjå bidraga frå UiA her.