Forsking og utvikling
Strategiplanen slår fast at universitetet skal ha forsking og fagleg og kunstnarleg utviklingsarbeid på høgt nasjonalt og internasjonalt nivå. På viktige fagområde skal Universitetet i Agder vere eit nasjonalt tyngdepunkt for forsking og utvikling. Forskinga og det faglege og kunstnarlege utviklingsarbeidet skal pregast av kvalitet og av relevans for samfunnet. Også den disiplinorienterte grunnforskinga må sikrast gode vilkår i utbygginga av universitetet og i tilknyting til forskarutdanningane.
Undervisninga skal vere forskingsbasert. Formidlinga av forskinga sine resultat og metodar i både undervisning, vitskapleg publisering og som meir allmennretta formidling er ein sjølvsagt del av forskings- og utviklingsarbeidet. Forskarane til universitetet skal vere med internasjonalt i individuelle og institusjonelle forskarnettverk, i prosjekt og forskingsprogram, på konferansar og ved publiseringa si.
Det skal leggjast til rette for at studentar får kontakt med aktive forskingsmiljø, og at dei får delta aktivt.
I dialog og samhandling med offentleg forvaltning, næringsliv og kulturliv har Universitetet i Agder eit særleg ansvar for forsking og utviklingsarbeid som er relevant for og/eller relatert til landsdelen. Det gjeld både val av problemstillingar og bruk av empiri frå regionen. Samtidig er det slik at all forsking er internasjonal i dag. Regional relevans endrar ikkje krava til kvaliteten i forskinga. Universitetet si grunnforsking skal også bringe problemstillingar og empiri frå landsdelen med i internasjonal forsking.
Openheit, respekt, tillit og ansvar skal kjenneteikne FOU-arbeidet. Det skal gjere universitetet til ein attraktiv forskingsinstitusjon, som trekkjer til seg dei fremste innanfor fagområda sine for samarbeid og tilsetjing. På same måten som undervisninga og studieprogramma blir stilte opne for å sikre kvalitet på høgt nivå, er det ei nødvendig side ved FOU-verksemda og den kunstnarlege produksjonen at den blir stilt ope tilgjengeleg for fagfellar og allmenta for kritisk vurdering, for at universitetet og dei einskilde vitskaplege tilsetje skal kunne byggje opp kompetansen sitt og omdømmet sitt.
Universitetet i Agder skal ha eit nært samarbeid med Agderforskning, i fyrste rekkje i oppdragsforsking innanfor fagområde der både universitetet og forskingsinstituttet har kompetanse, men også for å utvikle begge institusjonane sin kompetanse fagleg og organisatorisk.
FORSKING
ved Universitetet i Agder skjer i fagmiljøa, ved fakulteta. Sjå forskingssidene ved fakulteta for



