allkunne.no
Allkunne AS vart skipa i august 2008, og er eigd av Det Norske Samlaget og Nynorsk kultursentrum. Ein pilotversjon av nettstaden blei opna 26. mai i år, medan den offisielle lanseringa var 20. oktober.
Allkunne.no inneheld rundt 850 artiklar, som alle handlar om det nynorske kulturområdet. Her er artiklar om viktige institusjonar og organisasjonar, artiklar om aviser og kommunar, artiklar om språk og språklege emne, og artiklar om personar, m.a. forfattarar.
På sikt skal nettstaden utvidast til å verte eit fullverdig, allment nettleksikon på nynorsk. Allkunne er i ferd med å inngå avtale med Cappelen Damm om å få kjøpe rettane til å omsetje meir enn 30 000 artiklar frå Caplex. Parallelt med denne auken blir det skrive fleire nye tekstar. - Så langt har vi skrive kontrakt med nær 60 forfattarar, men det er bruk for fleire, så interesserte må gjerne ta kontakt, sa dagleg leiar Eirik Helleve i ei pressemelding 20. oktober.



