Sjølvbetening
Slik reserverer og bestiller du sjølv
Slik fornyar du låna dine ("Min side")
Studentar loggar seg på Min side via Feide. Tilsette loggar seg som regel på via Bibsys.
På Min side kan du òg få oversyn over reserveringar og dokument som er tinga frå andre bibliotek.
Gjer vel å merke følgjande:
- Du kan ikkje fornye noko dokument viss du har ei tredje gangs purring.
- Du kan heller ikkje fornye dokument med korttidslån, til dømes filmar og tidsskrifthefte.
- Studentar kan fornye eit boklån tre gongar viss det ikkje er venteliste. Treng du boka lenger, må du ta ho med til biblioteket.
- Dokument som vi har lånt frå andre bibliotek, må du kontakte UB Agder for å fornye.
Logg på Bibsys Ask
UiA-studentar via FEIDE
Andre som allereie har passord.
Viss du ikkje har passord, sjå her.



