Forny låna
Slik fornyar du låna dine
- Logg på Bibsys Ask
- Studentar loggar seg på via FEIDE. Brukarnamnet og passordet er det same som når du skal inn i Fronter og nettverket til UiA. (Sjå rettleiinga).
- Andre: Gi opp brukarnamnet ditt. Det er det same som låntakar-IDen. Viss du ikkje har passord frå før, tingar du det slik.
- Vel tenesta "Min side".
- Vel "Låneoversikt/forny"
- Klikk på "Forny".
Merk følgjande
- Viss dokumentet er lånt inn frå eit anna bibliotek, må du vende deg til skranken eller kontakte UBA.
- Forfallsdatoen varierer mellom ei og fire veker, avhengig av om dokumentet er reservert av andre. Det er ikkje mogeleg å fornye eit reservert dokument.
- I enkelte tilfelle er lånetida berre ei veke, såkalla korttidslån. Det gjeld mellom anna dvdar og tidsskrifthefte. Korttidslån kan ikkje fornyast.
- Viss du har ei tredje gangs purring, kan du ikkje fornye noko dokument. Du får heller ikkje låne meir før du har levert.
- Studentar kan fornye eit boklån tre gongar viss det ikkje er venteliste. Viss du treng boka lenger, må du ta ho med til biblioteket.
Logg på Bibsys Ask
UiA-studentar via FEIDE
Andre som allereie har passord.
Viss du ikkje har passord, sjå her.



