Lån og bestillingar

Tilsette, studentar og eksterne lånarar har tilgang til biblioteket sine samlinger. Ein mindre del av samlinga er berre meint til bruk i biblioteket.

  • Søk i bibliotekkatalogen vår, Bibsys Ask, for å finne fram i biblioteket.
  • Viss dokumentet er på den næraste bibliotekavdelinga di, må du sjølv finne det på hylla. Spør eventuelt om hjelp i skranken.
  • Viss dokumentet er på ei anna bibliotekavdeling, gjer du som du når du skal reservere eller bestille frå andre bibliotek. Sjå bestillingsvegleiinga.
  • Utlånstida er normalt fire veker. Vi sender innkalling på litteratur som vert reservert. Leveringsfrista er då ei veke. Sjå lånevilkåra.
  • Viss eit dokument ikkje har venteliste, kan det fornyast.

Viss du ikkje finn dokumentet i Bibsys Ask, kan du fylle ut eit tomt bestillingsskjema.

Lånekort /låntakar-ID

Låntakar-ID finn du på lånekortet.

Tilbakemeldingar

  • Du vil få melding via epost eller sms når du kan hente dokumentet i biblioteket.
  • Vi sender deg eventuelle tilbakemeldingar til student-eposten (student.uia.no). Du pliktar difor å lese den regelmessig. Du kan lese student-eposten via webmail eller fronter. Les meir. Viss vi ikkje har epostadressa, sender vi vanleg brev.

Fjernlån

Særskilte reglar gjeld for dokumenter som må tingast frå andre bibliotek:

  • Vi viser som regel eksterne lånarar til sitt næraste folkebibliotek for lån/kopier av dokumenter som universitetsbiblioteket (UBA) ikkje har.
  • Studentar ved andre universitet- og høgskular kan vanlegvis få tilbod om fjernlån via UBA, men merk at biblioteka som regel har tenester for fjernstudentane sine. På studiestaden der du er registrert, vil du få meir informasjon.
  • Er du registrert som student ved UiA, men studerer til dømes heime, skal du bestille lån og kopiar via Bibsys Ask. Vi sender det tinga materialet til det lokale folkebiblioteket ditt.

Lån og kopiar til andre bibliotek

UBA yter fjernlån til bibliotek i og utanfor Noreg.

Lånetida er normalt fire veker. Pris per artikkel er kr. 60,-. Gjer vel å tinge via Bibsys Ask. Sjå meir informasjon frå Bibsys.

NB! FJERNLÅNET STENGT FOR ANDRE BIBLIOTEK 30.04 - 31.08.10

Gimlemoen (UBA/KRIS) Libnr: 1100101
Arendal (UBA/AREN) Libnr: 1090601
Grimstad (UBA/GRIM) Libnr: 1090401
Dømmesmoen (UBA/DØMO) Libnr: 1090402

UBA har stengt for fjernlånsbestillingar frå andre bibliotek fram til 31. august. Årsaka er at vi byggjer om på campusen i Kristiansand (Gimlemoen), Bibliotekavdelingane i Grimstad (Grimstad og Dømmesmoen) og i Arendal flyttar inn på den nye Campus Grimstad til hausten.

Publisert av Reidar Bjorvatn <reidar.bjorvatnSPAMFILTER@uia.no> 10.08.2010

BIBSYS Ask

Fornye dine lån

Logg på BIBSYS Ask og velg tjenesten "Min side"
Fornye lån

Lokale folkebibliotek

AGDER SAMSØK

Arendal bibliotek

Grimstad bibliotek

Lillesand folkebibliotek

Kristiansand folkebibliotek

Søk hos Kristiansand folkebibliotek: