VIPar og TAParar

Oppslagstavla hadde i januar eit lite avsnitt om samanhengen mellom voksteren i vitskaplege og administrative stillingar ved universiteta.

UiOs forskingsmagasin Appollon kalla samanhengen matematisk, og viser til professor Bjørn Jamtveit ved Institutt for geofag, som meiner å kunne påvise at delen av tilsette i tekniske og administrative stillingar er større dess større ein vitskapleg institusjon er. Universitetet i Oslo har 6000 tilsette, og 44 prosent av desse er i teknisk-administrative stillingar. Københavns Universitet har 8000 tilsette, og over 50 % av desse er teknisk-administrative. Ved Handelshögskolan i Stockholm derimot, med 300 tilsette, er berre 15 % TAPar.

I juni 2009 viste også ein rapport frå konsulentselskapet McKinsey at dei danske universiteta bruker bruker monaleg større ressursar til administrasjon enn andre større internasjonale verksemder.

Direktøren ved København sin Universitet, Jørgen Honoré, "giver dog ikke meget for de to rapporter", skriv Universitetsavisen ved KU. Og direktøren ønskjer no å klassifisere om gruppa av teknisk-administrativt personale (TAP), slik at samanlikninga av ressursinnsatsen i TAP-gruppa og gruppa av vitskapleg personale (VIP) blir meir reell. Oppgåver som studie- og karriererettleiing, e-læring, marknadsføring, samfunnskontakt, eksamensadministrasjon og laboratoriearbeid må definerast som fagleg-administrativt arbeid (TAP-FU). Universitetsdirektør Honoré forventar at ein tredjedel av dei ca. 4000 TAP-tilsette ved KU vil bli klassifisert som TAP-FU.


Publisert av aktueltredaksjonen <aktueltsidaSPAMFILTER@uia.no> 21.04.2010
Sist oppdatert 21.04.2010
Del/Tips: Printfriendly version

Kommentarer