Vil slå saman UiA og HiT
I eit lesarinnlegg i Varden 5. november skriv professor Øyvind Gulliksen ved Høgskolen i Telemark at høgskulen bør arbeide for å bli ein del av Universitetet i Agder. Aleine vil ikkje HiT kunne makte å få realisert alle dei doktorgradsprogramma som er nødvendig for å kunne få universitetsstatus, skriv Gulliksen.
Gulliksen meiner ein fusjon vil styrkje fagmiljøa både i Agder og i Telemark, og meiner ei samling er naturleg. Som kjend heng desse fylka alt saman på mange vis, både når det gjeld skogsdrift og kyrkjeadministrasjon, peikar professor Gulliksen på.



