Vi treng ikkje tre ulike lærarutdanningar

Inga høgare utdanning har vore gjennom så mange reformer som lærarutdanninga for grunnskulen, skriver tidlegare høgskuledirektør ved Høgskolen i Bergen, Nils Mæhle, i ei kronikk i Bergens Tidende 30. april. Mæhle har ikkje berre røynsle frå HIB, men har vore tilsett i lærarutdanninga ved fleire høgskolar.

Norge vil få tre ulike grunnskulelærarutdanningar: ein type ved dei statlege høgskulane, ein annan ved Universitetet i Agder og universitetet i Stavanger og ein tredje (femårig) ved Universitetet i Tromsø.

Arbeidet med den nye grunnskulelærarutdanninga har skjedd svært fort, vore toppstyrt med avgrensa brukarmedverknad, og dermed utan nødvendig kvalitetssikring.

Når ho no kjem på toppen av tidlegare reformer, blir det spesielt vanskeleg for den einskilde utdanningsinstitusjonen..

Den nye grunnskulelærarutdanninga, skal setjast i verk frå hausten 2010. Reforma er den siste i ei lang rad reformer sidan 1970-åra. Eg har følgt mange reformer av lærarutdanninga frå ulike ståstader, m.a. som faglærar ved Stord lærarhøgskule, rektor ved Volda lærarhøgskule og høgskuledirektør ved Høgskolen i Bergen i perioden 1994 - 2009. Denne gongen driv dei ansvarlege statsrådane risikosport.

Les heile kronikken på bt.no:


Publisert av Tor Martin Lien <tormartin.lienSPAMFILTER@uia.no> 30.04.2010
Sist oppdatert 30.04.2010
Del/Tips: Printfriendly version

Kommentarer