Vegen mot universitetet har starta for HiB

Professor Ernst Håkon Jahr ved Institutt for nordisk og mediefag har skrive eit debattinnlegg på Høgskolen i Bergen sine sider om HiB sine universitetsambisjonar. I innlegget kommenterar Jahr ein tidlegare artikkel publisert på nettsidene til høgskolen.

Eg ønskjer HiB lykke til med ambisjonen og arbeidet, men skulle gjerne ha visst kva konkret journalisten byggjer på når ho stiller dette spørsmålet til rektor:
"Ved Universitetet i Stavanger og Universitetet i Agder opplevde studentane at det gjekk ut over grunnutdanningane. Kva er din kommentar til det?"
Eg skal ikkje seie noko om Stavanger, men ettersom eg var rektor i Agder, og vi hadde som førsteprioritet i arbeidet fram mot universitet at dette ikkje skulle gå ut over grunnutdanningane, ville det vere interessant å vite kva journalisten byggjer på her. Vi opplevde nemleg at omverda frå første stund nettopp prøvde å prakke det på oss at vi tok frå grunnutdanningane i universitetsarbeidet. Det vi gjorde, var å ta oss meir tid, vi forserte ikkje arbeidet fram mot universitetsstatus, nettopp fordi vi ikkje ønskte ei undergraving av dei utdanningane som dannar basis for heile verksemda vår. For det fekk vi ikkje lite peppar frå lokalavisa i Kristiansand, som tykte det var ille at Stavanger blei universitet først. For oss spela det naturlegvis inga rolle, det viktige var at vi nådde dit vi skulle UTAN å la det gå ut over grunnutdanningane. Så når dét låg i botn og som premiss, og grunnutdanningane hjå oss fekk auka interne løyvingar kvart år som universitetsarbeidet pågjekk, kor kan det da ha seg at nokon ved HiB trur at studentane opplevde det motsette?
Beste helsing,
Ernst Håkon Jahr

Se artikkelen på HiB sine nettsider. Artikkelen har tidlegare vore kommentert på UiA oppslagstavla.

Etter at innlegget frå Ernst Håkon Jahr var lagt ut på HIB sine nettsidar, vart spørsmålet til HIB-rektoren som Jahr tek utgangspunkt i omformulert og presisert. Nå lyder spørsmålet slik:

"Studentar ved høgskulen har referert til studentar ved Universitetet i Stavanger og Universitetet i Agder si oppleving av å bli universitet. Enkelte av studentane meinte at det gjekk ut over grunnutdanningane. Kva er din kommentar til det?"

Sjå og denne debattlenka:


Publisert av Tone Øverland <tone.overlandSPAMFILTER@uia.no> 19.11.2008
Sist oppdatert 19.11.2008
Del/Tips: Printfriendly version

Kommentarer