Utdanningsnivået stig
Statistisk Sentralbyrå offentleggjorde 25. august 2008-tala av "Befolkningens utdanningsnivå".
Frå 2007 til 2008 er delen av befolkninga over 16 år med utdanning på universitets- og høgskulenivå auka i Noreg, frå 25,9 % til 26,7 % av befolkninga. Frå 1985 er delen dobla, frå 12,9 %. Halvparten av kvinnene i alderen 25-29 år har no høgare utdanning.
Mindre enn 30 prosent av befolkninga i Noreg har ikkje meir enn grunnskuleutdanning. Auken i delen med høgare utdanning gjeld begge kjønn, men delen kvinner med høgare utdanning veks monaleg raskare enn for menn. 24,9 % av mennene over 16 år har høgare utdanning, 28,5 % av kvinnene. Delen med lang universitets-/høgskuleutdanning, meir enn 4 år, er likevel størst blant menn.
I Agder er utdanningsnivået høgast i Kristiansand og Bykle (!). 29,8 % av befolkninga over 16 år i Kristiansand har høgare utdanning, i Bykle 27,4 %. Gjerstad, Iveland og Vennesla er kommunane med lågast utdanningsnivå i Agder. I Iveland har 12,7 % høgare utdanning, i Gjerstad har heile 40 % av innbyggjarane ikkje meir enn grunnskuleutdanning.
Høgast utdanningsandel i Noreg finn ein i Bærum, Asker og Oslo, meir enn 40 % (i Bærum 46 %) av innbyggjarane frå desse tre kommunane innarst i Oslofjorden har høgare utdanning.
Lågast utdanningsnivå har Værøy og Røst. 8,6 % har høgare utdanning, meir enn 60 % har berre grunnskuleutdanning.
Les meir utdanningsstatistikk på SSB sine nettsider.



