Universitetsrangering for vidarekomande

Universitetet i Oslo blir rangert som Noregs beste universitet, og nummer 177 i verda, i omdømmebarometeret til THE-QS, som blei offentleggjort i førre veke (veke 42). Dette viser at Universitetet i Oslo er eit framifrå universitet i internasjonal samanheng og i ein klasse for seg i Noreg, seier rektor Geir Ellingsrud i ei pressemelding, i følgje Uniforum.

NTNU blir berre vurdert som Noregs fjerde beste, noko som skaper interessant otte og forklaringar ved universitetet i Trondheim. I Tromsø er gleda stor, UiT blir utropte til det tredje beste universitetet i Noreg. Rett nok blir UiT rangert som nummer 320 i verda, 28 plassar svakare enn i fjor. Men gleda over å bli vurdert som betre enn NTNU er sjølvsagt større enn sorga over å bli vurdert som ein institusjon i relativ tilbakegang.

Men lister kan ein lage på mange måtar. World University News (WUN) har sett på kva land som har flest gode universitet (i tydinga blant dei 500 beste universiteta i verda) i høve til folketal og bruttonasjonalprodukt. Korrespondenten til WUN i New Zealand har funne ut at i høve til BNP er det New Zealand som har flest gode universitet. I høve til folketal er New Zealand nummer 2 på lista. Irland er, med 7 universitet blant dei 500 beste på THE-QS, rangert som landet med flest gode universitet. Og Noreg? Nummer 7 i verda, betre enn Storbritannia og Danmark. Best i Norden? Finland sjølvsagt. Og USA? Ikkje med på lista i det heile teke!

 

 

Population required to produce a THE-QS top 500 institution

 

Country

No Top 500s

Population (000)

Pple (000) to

produce a top 500

1

Ireland

7

4,156

593.71

2

NZ

6

4,173

695.50

3

Finland

7

5,244

749.14

4

Australia

22

20,600

936.36

5

Switzerland

8

7,581

947.63

6

Sweden

9

9,045

1,005.00

7

Norway

4

4,644

1,161.00

8

UK

50

60,943

1,218.86

9

Denmark

4

5,484

1,371.00

10

Hong Kong

5

7,018

1,403.60

(Fra University World News)


Publisert av aktueltredaksjonen <aktueltsidaSPAMFILTER@uia.no> 20.10.2008
Sist oppdatert 20.10.2008
Del/Tips: Printfriendly version

Kommentarer