UiS og UiA jamnstore

Universiteta i Agder og Stavanger hadde nøyaktig like mange studentar hausten 2008, viser utdanningsstatistikken som Statistisk sentralbyrå presenterte 15. juni.

Både UiS og UiA er registrerte med 8 166 studentar. Det er ein auke på 365 studentar frå året før for UiA, og 116 studentar for UiS.

I 2008 var det registrert 225 400 studentar ved universitet og høgskular i Noreg, samt norske studentar i utlandet. Dette var ein auke på over 6 000 studentar i forhold til 2007. Statlege høgskular og BI stod for 70 % av auken i studenttalet.

I tiårsperioden frå 1998 har det blitt 30 000 fleire studentar i Noreg (og norske studentar i utlandet), ein auke på 17,5 %. I den same perioden auka talet studentar frå Agder (studentar busette i Agder-fylka då dei var 16 år) med nesten 2000, frå nesten 10 000 til nesten 12 000 studentar, ein auke på 19,4 %. Dette er likevel ein mindre auke enn landet samla, tek eit omsyn til talet på studentar med ikkje oppgitt bustadsfylke ved 16 års alder. I Oslo og Akershus, det den største delen av befolkninga er i høgare utdanning, er auken i denne tiårsperioden respektive 38 % og 26 %. I Rogaland er auken 28 %.

Ein større del av studentane i Noreg studerte ved Universitetet i Agder i 2008 (3,6 %) enn ved Høgskolen i Agder i 1998 (3,3 %). Samtidig utgjer altså studentar frå Agder ein noko mindre del av norske studentar i 2008 (5,7 %) enn i 1998 (5,8 %).

Tal og kommentarar til utdanningsstatistikken for 2008 kan lesast på nettsidene til SSB.


Publisert av aktueltredaksjonen <aktueltsidaSPAMFILTER@uia.no> 15.06.2009
Sist oppdatert 15.06.2009
Del/Tips: Printfriendly version

Kommentarer