UiO styrkjer informasjonsavdelinga
Informasjonsavdelinga ved Universitetet i Oslo, som har ca. 40 tilsette, har sidan 2006 oppretta 8 nye stillingar, skriv Universitas, studentavisa ved UiO.
2 av stillingane er oppretta for å jobbe mot media, fire medarbeidarar jobbar med webutvikling. Det er tilsett ein administrasjonssjef som administrerer avdelinga internt og jobbar med arrangement, og no skal også ein sponsorkontakt bli tilsett, seier kommunikasjonsdirektør Siv Nordrum til Universitas.
Pressefolk avisa har vore i kontakt med er likevel ikkje imponert over formidlinga og informasjonsarbeidet til universitetet. Journalist Tove Grandal i Morgenbladet meiner UiO har eit monaleg potensial for forbetring. Kultur- og debattredaktør i Aftenposten Knut Olav Åmås seier at det ikkje har vore mogeleg å merke så mykje til informasjonsavdelinga sin auka satsing, med unnatak av nokre debattmøte rundt rektorvalet. Han får få meldingar frå avdelinga, men oppfattar ikkje dette som eit problem.



