UiO skiftar slagord
Universitetet i Oslo har bytt ut slagordet "Norges ledende universitet" frå nettsidene sine. I staden er universitetet blitt "et ledende europeisk universitet", skriv Uniforum, nettavisa ved UiO.
Det skapte irritasjon hos rektorar ved andre universitet då UiO proklamerte seg som Noregs leiande universitet då dei lanserte nytt design på nettsidene sine. "Bli student ved Norges ledende universitet", stod det på fyrstesida.
- Etter mi meining startar UiO ein vulgærmarknadsføringskonkurranse som er uverdig det eldste universitetet vårt, og som ikkje byggjer opp respekt for akademiske verdiar, sa rektor ved Universitetet for miljø og biovitskap (UMB), Knut Hove, til Uniforum 23. juni.
Torunn Lauvdal tok ikkje like mykje på veg. Korleis eit universitet vel å profilere seg, er universitetet si eiga sak, sa ho til Uniforum.
Ei lita veke etter fann UiO ut at det er like greitt å endre utsagnet.



