UiO på femteplass i Europa
Universitetet i Oslo er det femte beste universitetet i Europa og det nest beste universitetet i Norden på rankinglista til Webometrics frå juli i år. Det aller beste universitetet i verda er Massachusetts Institute of Technology, tett fylgd av Harvard, Stanford, og Berkeley-universitetet, skriv UiO på sine nettsider.
Cambridge-universitetet og Swiss Federal Institute of Technology er best i Europa medan Helsingfors universitet er på tredjeplass i Europa og best i Norden. Rankinglista er i stor grad basert på kor synlege universiteta er på weben.
Webometrics blir publisert av den spanske forskargruppa Internet Lab. Den er knytt til Spanias forskingsråd og informasjonssenter om forsking og utdanning. Forskarane var veldig overraska over å oppdaga at webindikatorar mangla heilt i evalueringa av universiteta på andre rankinglister.
Dei meiner at å vera til stades på Internett betre reflekterer ei stor gruppe variablar som er med i hovudoppgåvene til eit universitet, nemleg undervisning, forsking og kunnskapsformidling. Når rankinglista blir sett opp, blir det tatt mest omsyn til kor mange forskingsartiklar kvart universitet har tilgjengeleg på Internett. Men dei tar også med tilbodet av digitale bibliotek, databasar, digitale kurs og bidrag på internasjonale forskingskonferansar.
Les heile saka på nettsidene til Uniforum nett no frå Universitetet i Oslo:
Nokre plassar ned finn vi Universitetet i Agder, nærare bestemt på 2996. plass, der i alle fall dei to siste tala er sterke. 4000 universitet verda rundt er med i rangeringa, totalt er 16.000 universitet vurdert.
UiA vert rangert på 25. plass av dei 40 universiteta (og høgskolane) som lista har med frå Norge.
På den same rankinga for et par år sidan lå dåverande HiA betre an enn Stavanger, meldte Stavanger Aftenblad: Årsaka til at UiA har ramla på rankinga er at då HiA blei universitet skifta url'en frå hia.no til uia.no - og det har ikkje den spanske rankinglista klart å fange opp. Visstnok lå HiA på litt over 900.-plass så seint som i fjor haust, mens plasseringa i 2006 var 981. plass på verdsrankinga.
Nettavisa ved UiB "På høyden" kommenterte webometrics-undersøkjinga i 2006 slik:
"Webometrics-metoden tar utgangspunkt i internett-lenker, både internt på institusjonen, mellom institusjoner og utenfor systemene, og behandler disse tilnærmet analogt med akademiske siteringer i de andre rangeringenene. Rangeringen er i følge forskerne et mål på institusjonens nærvær på nettet."
Les sjølv på nettsidane til Webometrics: Det er sjølvsagt viktig å studere metodane som er brukt i rangeringa før dei mest bastante konklusjonane vert trukne.
Her er Webometrics rangering av dei norske UH-institusjonane med plassering på verdsrankinga:



