UiB: Studentane fuska, sakene henlagt
Den sentrale klagemenda ved Universitetet i Bergen meiner at jusstudentane som var skulda for å ha kopiert andre sine oppgåver har juksa, skriv På høyden, nettavisa ved UiB. Likevel har nemnda vedteke å legge bort dei sju pilotsakene.
Det vert dermed ingen disiplinærreaksjonar mot studentane. I vedtaket frå nemnda heiter det at graden av tekstsamanfall i alle dei sju sakene er altfor høgt til at studentane kan seiast å ha levert sjølvstendige arbeid. Men nemnda meiner samstundes at det er grunn til å tvile på om studentane har fått tilstrekkeleg informasjon og rettleiing om kva som er akseptabelt. Før hausten 2007 var det ikkje nokon systematisk kontroll med om studentane oppfylte kravet til sjølvstendig arbeid.



