UiB-tilsette vil ha valt rektor
Ei spørjeundersøking gjennomført ved Universitetet i Bergen viser at 70 % av dei tilsette (som svarde på undersøkinga) ønskjer å oppretthalde styreordninga med valt rektor og delt fagleg og administrativ leiing ved universitetet. Det er UiBs nettavis På høyden som skriv dette.
Av 3500 som fekk tilbod om å delta i undersøkinga, svarde 1574 personar. Av desse ønska 69 prosent at UiB framleis skal ha valt rektor, mens 19 prosent vil ha tilsett rektor. Resten svarer "veit ikkje".
Størst oppslutning om ordninga er det blant faste vitskaplege tilsett og tilsette på det samfunnsvitskaplege og det historisk-filosofiske fakultetet.



