UHR-rapport om karakterar
Arbeidsgruppa som blei oppnemnt av Universitets- og høgskulerådet har no levert rapporten sin om beskriving av karakterane som blir brukte i UH-sektoren. Rapporten kan lastast ned frå UHR sine nettsider.
Gruppa fekk som mandat å sjå nærmare på dei generelle karakterforklaringane i lys av undersøkingar som er gjort av karaktersetjing dei siste tre åra.
Arbeidsgruppa konkluderer mellom anna med at karakterfordelinga for masterarbeid ikkje er i samsvar med Departementets retningsliner for bruk av karakterskalaen. Gruppa foreslår at det blir etablert eigne fagspesifikke karakterbeskrivingar for masterarbeid. Fagmiljøa bør drøfte kva aspektar ved masterarbeid som skal vurderast særleg, samanlikna med emneeksamenar. Arbeidsgruppa foreslår også generelle karakterbeskrivingar som beskriv prestasjonane berre ved nemningane for karakterane og i kva grad læringsmåla for emna er nådd.



