THE/QS-rangeringa av universiteta 2009
Times Higher Education og Quacquarelli Symonds står for den mest kjende universitetsrangeringa som blir laga. 2009-utgåva blei presentert 8. oktober.
Harvard har som i 2008 fyrste plassering på lista, i år følgt av University of Cambridge. I år er 4 av dei øverste 6 universiteta britiske, 2 er amerikanske. University College London og Imperial College London er rangerte foran University of Oxford.
Av norske universitet er UiO og UiB blant dei fyrste 200 på lista. UiO er plassert som nummer 101, opp frå nummer 177 i 2008, UiB nummer 144, opp frå nummer 227 i 2008. Universitetet i København rangerer som det mest hevdvunne nordiske universitet, på 51. plass, ned 3 plassar frå 2008.
Rangeringa til THE-QS byggjer på vurderingar av institusjonane frå ei stor mengd akademikarar, tilsette og studentar ved universitet verda over, akademisk nivå på dei tilsette ved institusjonen, siteringar i hevdvunne vitskaplege tidsskrifter, og graden av internasjonalt innslag blant dei vitskapleg tilsette og blant studentane. Sjå ein omtale av kriteria for rangering her.
Kommentarer
Takker for melding!
Beklagelig tilfelle av tidlig sløvsinn. Det er rettet opp nå.
Gal link
Linken til kåringen for 2009 er til galt år, riktig link skal være
http://www.timeshighereducation.co.uk/hybrid.asp?typeCode=438




THE/QS-rangeringa av universiteta 2009
Posted by Ernst Håkon Jahr 18. november 2009
Jeg blei bedt om å være med i panelet for denne rangeringa i år. Det viste seg umulig fordi systemet deres ikke godtok/hadde registrert UiA som institusjon/arbeidssted. De påstod at feilen var hos oss. Siden jeg jo er svært skeptisk til slike rangeringer ((www.uia.no/no/portaler/aktuelt/kronikker_og_artikler/universitetsranking_-_akademisk_tullball),
lot jeg det hele fare. Men det betyr naturligvis at UiA aldri vil dukke opp på deres lister, bare så alle er klar over det.